tirsdag 3. februar 2009

Rotekopp og soloppgang…. ;-)

Morgontimane i dag var minneverdige… så eg fann fram kamera og knipsa eitpar bilder….

017

 måtte zoome inn på fjellet til venstre på bildet over.. for det såg så lekkert ut..

018

Det er nemlig her sola kjem opp kvar morgon.. og er ein heldig nok å være heime ein slik dag.. så er det berre eit vakkert syn… denne utsikta har eg frå kjøkkenvinduet mitt…

Men eg har eit lite vindu til.. det er over vasken.. og ut igjennom det ser eg stort sett ingenting.. berre vegen oppom huset… vi har eit overbygg utanfor dette glaset, som gjer at utsikta oppover mot fjella er stengt.. men , men.. det gjer ikkje så mykje.. eg har utsikt overalt !

Men over vasken har eg hengt opp noke eg var så heldig å få kjøpe med Nikoline

Sidan den hadde ei så fin oppskrift, så fann eg ut at den passa best på kjøkkenet… denne rotekoppen min :-)

 022

Eg manglar ei list over flisene der.. men pytt,pytt.. den kjem nok …

 019

Er ikkje den vel lekker?? Eg likar den sååå godt Nikoline… den er berre heilt passande her hos meg.. Eg er veldig glad i slikt. og dette kan vel også kallast kunst… det er no egentlig eit maleri på eit litt anna lerret!! :-)

021

Sjå berre dei flotte detaljane på desse koselege hønene… heilt nyyyyydelig!!

Takk for at eg fekk kjøpe den av deg Nikoline!

7 kommentarer:

Astrid sa...

Heisann Monica!
Eg bloggar litt i rykk og napp for tida, skulle vel aller helst haldt meg unna denne pc'en slik at eg kan konsentrere meg om lesing...eg er nok ikkje så strukturert som eg skulle ønske!
Nydelege bilete av den finaste fjellrekka eg veit om;) Storetinden er eitt av dei mest majestetiske fjella eg kjenner til, med sine 1408moh ruvar den høgt!
At Nikoline er ein kunstnar på fleire område har eg også oppdaga:) Ho tryllar fram den eine flotte gjenstanden etter den andre, denne oppskriftsbollen eller kva eg skal kalle den, er ikkje noko unnatak -heider og ære til Nikoline:)

Ha ei fin veke Monica!
(Her fram i dalen held eg på å fryse i hel i dag. Eg er ikkje så flink å fyre...spesielt ikkje utan tennbrikettar og aviser:( )

Nikoline sa...

Huff a meg... beint så eg rødmar her eg sit...
Takk kjære deg,og i dette høvet er det verkeleg EG som skal takka, og bukka, det er såååå kjekt med slike fornøyde kundar :o))
Men kunstnar er eg dog ikkje!
Er det ikkje kjekt med fjella å festa auga på når du ser ut kjøkkenglaset? Slik har eg det også, den mektige Gråsida ligg bada i sollys om dagane,frå rosa om morgonen til isblå om kvelden.Den er aldri heilt fri for snø,om sommaren ligg det 8-10 brear att.Men her hjå oss er det jo fjell på alle kantar samme kva himmelretning ein ser mot.
Ha ein god ettermiddag!

Orlaug sa...

Oi, det var litt av ein utsikt du har frå kjøkkenvindauga....riktig majestetiske fjell.
Flott rotekopp frå Nikoline....heldig, du...
Ha det godt!

Turid sa...

Så flott utsikt du har! Nydelig soloppgang;)
Og kjempefin rotekopp du har fått deg! Ja enig med deg, Nikoline er en flink maler! Klem ;)

Monicas sa...

Heisann, å takk for hilsen inne hos meg...syns rotekoppen din var fin æ.....nydelig med soloppganger

Tonje sa...

For en fantastisk utsikt du har. Skulle ønske vi hadde litt mer å se på ut vinduene her vi bor nå... Rotekoppen var jo også utrolig søt.

Ønsker deg en god helg.

AnneGrethe7 sa...

Nydeleg bilete Monica og for eit flott ver vi har vore velsigna med siste tida...ikkje mykje snøfresing nei, ...hihi.....:)

Dagane går i eitt så eg har ikkje vore så flink på kommentering i det siste. Er likevel glad for alle kommentarar som eg får på bloggen min. Skal kome sterkare tilbake når ting har roa seg litt.
Onsdag skal vi til utgreiing på Åse med øyrene til bror. Ser fram til at han skal sleppe å ha vondt i ørene stakkar liten.

Ønskjer deg og dine ei fin helg:)

Klem