tirsdag 30. desember 2008

Godt Nytt År folkens!!

untitled

GODT NYTT ÅR godt folk!

He hatt mej ei lita “blogge-pause” no i jula.. det har vore ei litt dramatisk jul for syskena mine, og ej kjente at no treng ej å la freda senke sej littegrann.

skal ikkje gå i detalj på noke, men kan fortelle at både systra mi og broren min sine familier har myst familie i denne førjulstida… så det har vore litt trist.

MEN livet må gå vidare, og ej e veldig takknemlig for at vi her heime og MI familie har fått lov å være friske (bank i bordet!) No ønske ej det for dokke alle som e innom her også, og må 2009 bli et fint år for alle sammen!!!

Store og gode nyttårs klemmar frå meg

tirsdag 16. desember 2008

Takk Astrid <3

Eg har fått ei oppmuntring frå Astrid ….

Ikkje berre kom den veldig beleilig, men den var  aldeles nydelig også….

Din_blogg_er_fantastisk frå Astrid!

Tuusen takk Astrid!

Kunne ikkje sjå at der fulgte med nokken reglar…

Men eg vel å gi den vidare til

Nikoline eg er stor beundrar av både bloggen og arbeidet ho viser fram.. og endelig er eg også no eigar av ein aldeles nyyydelig “rotekopp”.. den skal de få sjå seinare…

Turid ,her føler eg meg heime.. og Turid stikk alltid innom, ekstra kjekt er det at vi faktisk har felles kjente (samme gjeld for Nikoline).. utrulig nok og heilt tilfeldig.

Cecilie for her er det kjekt å kome innom… små kvardags-øyeblikk, som er kjekke å få med seg. Sjøl om vi er naboar, er vi litt “bjønn” no om vinteren..

Ha en fiiin dag alle sammen!

Send en tanke til alle dei som har myst ein av  sine no rett inn i jula…. MÅ dei få fred i hjerta sine.

mandag 15. desember 2008

TRIST!

Eg hadde ikkje tenkt å blogge om dette, men må berre få sagt at eg har hatt ein tung dag i dag…

Brannen som ramma Flusund kom litt nær…

Flusund e heimbygda mi.. og eg kjende godt dei som budde i huset.

1229269354462_271

Det er tragisk!

fredag 12. desember 2008

Ei utfordring frå TOFO :-)

Har fått ei utfordring.. denne var litt kjekk.

Anti%C3%B8nskeliste

Her er reglene som følger med:

Du skal lage en liste på fem ting du ikke ønsker å finne under juletreet. Deretter sendes utfordringen videre til tre andre bloggere :) Du må veldig gjerne besvare utfordringen, selv om den ikke er sendt direkte til deg.

#1 Eg ønska meg ikkje støvsugar.. for en nedtur det ville ha vore…. uff da!!

#2 verktøy er noke eg heller ikkje har så veldig lyst på…. det har vi meir enn nok av også synes eg.

#3 ansiktskremar.. nei takk.. det vil eg helst kjøpe sjøl.

#4 vaffeljern har eg heller ikkje lyst på… eg er ikkje så veldig begeistra.. dessuten har vi eit enkelt jarn.. vi treng ikkje dobbelt!

#5 Bøker som eg aldri har høyrt om…. dei vert berre ikkje lest likevel… skal eg lese ei bok MÅ den være av interesse, men då slit du med å få kontakt med meg også….(blir veldig oppslukt)

Eg sender denne utfordringa vidare til:

Cecilie frå  Kvardagsliv

Besta frå BESTAHJEMMET

Tove frå Tankar frå ein kvardag

Lykke til!!!

mandag 8. desember 2008

Fabulous blog :-)

Eg har igjen fått tildelt utmerkingar … ifrå  Anne Grethe og  Ida Mari.

Tusen hjertans takk begge to!

award1 frå Ida M og Anne G

Reglane som følgjer med, er slik at ein skal gi den vidare til 5 nye, som igjen skal gi den vidare til 5 andre. Du skal linke til den du har fått den frå, link også til dei du gir den til. Gi også beskjed til dei som får denne utmerkinga. Skriv også 5 ting du er avhengig av.

#1 som dei fleste er eg avhengig av folka rundt meg… då spesielt nærmaste familie. Ka skulle eg gjort uten dei??

#2 Mobil… det er synd å sei det, men den er ein trufast følgesvenn som er til stor hjelp, glede og nytte!!! Den blir brukt ikkje berre som telefon, men som alarm, huske”lapp”-påminner, foto-apparat og diverse.

#3 Datamaskina mi… Å… den er eg så glad i…. den er eit leksikon, her har eg gule sider, facebook og blogger, epost kontoer og diverse.. berre må ha den!!

#4 Fotoapparat.. det har eg alltid vore avhengig av.. har hatt maaange… og eg har fortsatt ein del av dei…. eg elskar bilder og foto-album og å samle på gode minner.

#5 Litt åleine-tid er deilig… då får eg gjort det EG har lyst til.. blandt anna får eg blogga litt ;-)

Då sender eg denne vidare til :

Turid 

Besta

MA(rita)

Veronica

Ellinor

Håpe at de set like stor pris på denne som eg gjer! :-) Ha ein fin dag!!!

søndag 7. desember 2008

Ville berre dele denne med dokke alle i dag
(husk å pause musikken lengre nede på sida)


GOD HELG!

fredag 5. desember 2008

Ny award :-)

Eg har fått ein award

den kom frå Tofo  på  Tofo sin familieblogg.

Tusen hjertelig takk Tofo.. denne satte eg stor pris på skal du vite :-)

Tusen_takk_TOFO

Med denne awarden følger en tekst:
"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"
Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.
De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.
Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.
Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!
Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere, som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.

Så då var det berre å glede åtte blogg-damer…. og då er det desse eg velger:

Dagny i frå  Heim

Veronica i frå  Vero`s lillehjørne

Ida Mari i frå 

Smått og stort i frå prestegardsmarka 2..

Cecilie i frå  Kvardagsliv

Stine i frå  Familien Gulla Rebbestad

Tove i frå  Tankar frå ein kvardag

Nikoline i frå  Nikoline på Landet

Miamor i frå  Miamor

Koselege og heimekjære bloggar…ein er alltid velkommen, og det er trivelig å være på “besøk” hos dei alle :-)

Stoor klem,  

onsdag 3. desember 2008

Favoritter i baderomsskapet…..

Eg har fått ei utfordring frå Veronica….

denne var litt vrien, då eg ikkje er så opptatt av slikt.. men eg får gi det eit forsøk.

Rensegele: .. nei det har eg ikkje
Ansiktsvann: .. nope!
Dagkrem:  Nivea visage aqua sensation
Nattkrem/nattolje: .. heller ikkje det..
Shampoo: …diverse..  alt etter humør
Balsam: nei, då vert håret mitt altfor mjukt
Dusjolje:  ..nei…
Kroppskrem: Natural honey, Natural body care
Kroppslotion: samme som over det då…
Håndkrem: Vaseline intensive care.
Fotkrem: det må være body lotion’en
Sminkefjerner: Nivea visage,
rehydrating wash cream
Maskara: Maybelline, define-a-lash
Øyeskygge: inc.
Foundation: Maybelline, instant smooth result
Leppestift:  diverse
Lipgloss: …Nope…

Tja, det gjekk vel egentlig greitt.. desverre kunne eg ikkje fylle ut alle.. men sånn er det med meg!!

Sender utfordring vidare til 4 damer

Miamor

Kvardagsliv og Cecilie

Tofo sin familieblogg.

Smått og stort i frå prestegardsmarka 2.. og Ida Mari

Lykke til alle sammen!!!

mandag 1. desember 2008

Ei hektisk, men koseleg helg….

Det har vore ei helg fullstappa av aktivitet , etter jobb på fredag var det å suse seg heim, for så å få minstemann (og slettes ikkje så liten lengre) i badet… han skulle feire bursdag, og måtte gjer seg klar til det.. det var disco-bowling til den store gullmedalje… og karane hadde det kjempekjekt!!

seb og party 022

Neste dag var laurdag, då måtte vi sjølsagt på bursdagsgave-handel.. då han egentlig har bursdag siste dagen i november… og så måtte vi handle inn godis til laurdagskvelden, då ungane skulle være heime “åleine”.. storesystra og kjærasten var der også.. så dei skulle nok klare seg godt. Dei skulle lage taco og sjå film… “MAMMA MIA!” sjølsagt.. det er no den siste store slageren…

mamma_mia

Og vi foreldra skulle på julebord….

Det vart forresten kjempekjekt!!! Vi hadde en alle tiders kveld og natt… det vart ganske tidlig før vi kom oss heimatt… men,men… Vi åt og drakk, dansa og song i lystig lag, gammal som ung… det var heilt hivens!!!

OG etter ei forholdsvis kort natt, så var det å stå opp til dagens bursdagsbarn… ha litt kos ilag med han og syskena, for så å sette i gong med å leite fram litt advents stæsj! OG då gjekk det ifrå kvardagslege dette:

seb og party 063

seb og party 064

…til dette…… eg fekk opp julegardinene på kjøkkenet.. vaska over vindauga der og, og leitt fram etpar adventsstakar, før her kom  besteforeldre-besøk til bursdagsbarnet, og eg måtte legge rydding og vasking på is ei stund. Så i dag vart det is og kjeks til middag, og middag til kvelds!!! Jaja, ein har bursdag berre ein gong i året!! ..eller… (?)

seb og party 067 seb og party 068

No må eg i full fart ordne adventskalenderen før eg kryp til køys igjen… helga har vore innhaldsrik, koseleg, men aaaaaltfor kort!!! Gled meg allereie til neste helg! hehe…

denne har eg forresten laga sjøl…synes den er fin!

seb og party 065

Ha ei flott veke!!!

torsdag 27. november 2008

Ei utfordring…

Eg har fått ei utfordring frå Nikoline…..

Slike eg forstår det skal eg skrive 7 ting om meg sjøl… og så skal eg vidare sende utfordringa til 7 andre som det hadde vore kjekt å få vite litt meir om..

cat_lion_perceptionSM3

JA, men då er det vel berre å sette i gong og tenkje…. hmmm.

#1 Eg er yngst av tre sysken, og vaks vel nesten opp som enebarn, då begge syskena mina var endel år eldre enn meg (med 6 og 8 års forsprang)

gamle dager 004mej

#2 Som 12 åring vart eg tante for fyste gong.. til Veronica, som var døv… og då var det berre å legge seg i hardtrening og lære seg teiknspråk. Veldig artig å kunne dette, sjøl om dei no bur i Bergen og eg ikkje får øvd så mykje, men eg møter av og til på døve i jobben min, og får øvd litt då.

signlanguage

i_love_you

#3 Eg har vore utvekslings student i Minnesota… Det vart eit år med monge opplevelsar… og eit av dei mest tragiske åra i mitt liv, då faren min døde 2 månedar etter eg var komen dit.. så eg måtte heim ein tur, før eg reiste tilbake og fullførte året som sidan gav meg monge uforgløymelege minner og ei ny familie som eg set stoor pris på.

minnesota

#4 Eg har vore Au-pair i California… passa tre skjønne ungar som eg no har møtt igjen som vaksne gjennom facebook :-)  teknologiens verden er kjekk den til tider… Då eg var i California var det same året som det store jordskjelvet der borte fann stad.. OG eg kan skilte med at “ I survived the 7,1 earthquake in San Francisco” …

275px-Car_Crushed_Under_Marina_Apartments

#5 Eg har budd i Bergen i mange år, og har mange kjekke minner derifrå.. jobba som dagmamma, og gjekk på skule om kvelden, OG eg var badevakt på Hunstad skule for døve.

image_only_black_red

#6 Eg var allergisk mot alt som hadde pels då eg var lita, og så eg då, som elskar dyr!!! Og eg fekk aldri ete peanøtter og mandarinar osv.. det som er det beste eg veit… tragisk!! Heldigvis vaks eg det av meg, og har no huset fullt med både mandarinar og dyr ;-)

Det visste dei ikkje då dei tok dette bildet vil eg tru…

gamle dager 004mej

#7 Eg elskar å reise, og har som sagt budd i USA i to år.. har vore innom desse statane : Minnesota, New York, Iowa, Wisconsin, Illinois, North og South Dakota, Montana, Wyoming, Nevada, Oregon og California…. og eg har vore i England, Italia og Spania, Sverige og Finland og håper å få reise en god del meir før eg gir meg!! :-)

usaMAP

OG då var det det å sende denne utfordringa vidare….

Cecilie i frå  Kvardagsliv

Besta i frå  BESTAHJEMMET

Tofo i frå Tofo sin familieblogg.

Ronille i frå Ronille sin blogg om Troll og hobbyane mine.

Tonje i frå  A step in the right direction

Veronica i frå  Vero`s lillehjørne

Anne Grethe i frå The world of Sandnes

Håper de tek utfordringa på strak arm!!! :-)

Lykke til alle sammen ! :-) Det er no litt kjekt!!!

Gustav Klimt… litt av en kunstnar..

 Klimt er en kar som eg har litt sans for…. Eg er nokså facinert av enkelt kunstnarar, men denne karen har mange bilder eg gjerne skulle ha vore eigar av…. Mmmmm sjå berre her:

1750-4365~The-Kiss-Posters

G

gustav_klimt_the_kiss_2_large 

Gustav-Klimt

klimt-gustav-die-jungfrau-7600122

klimt21

21_KLIMT_MOTHER_CHILE

Her er noken som har latt seg inspirere.. lekkert??

Kattaca-LeEsenciadeKlimt

 hadde ikkje du også ønskt å kunne ha eitt eller to av desse vakre bilda på veggen din??

tirsdag 25. november 2008

Oh my goodness!!!

Ei tid tilbake fekk eg ein nyyydeleg “award” som eg har satt stor pris på…  “goodness award”.

Eg har no delt den ut på min engelske blog, der den høyrer heime, men eg har spart på ein, som eg ville dele ut her, til ei godhjerta dame eg synes fortener tittelen …

Denne nydelege tittelen og awarden går til Astrid! Frå eit A4-liv...

Bloggy-Goodness-Award2

Denne får du gi til 6 damer du synes er godhjerta Astrid :-)

Ha ei flott veke!!!

mandag 24. november 2008

Vinteren er her…

Så kom snøen….

mmmm 019

Litt brått og uventa vart kvardagen snudd til eit “winterwonderland”… Det kom så mykje snø på ein gong at det var uråd å opne andre dører enn ytterdøra, som er under tak. hehe

mmmm 021

Men kor KJEKT det vart for dei “små” no når det gjekk an å gå ut og halde på med noke ute i snøen..

Snølykt

Sjøl hadde eg ordna meg med fine roser til helga, for å kose meg/oss litt ekstra ;-) hehe..

mmmm 002

Fekk for meg at ei av dei berre MÅTTE uti snøen en tur.. har liksom aldri sett ei rose som stikk opp av den kvite snøen.. det var no litt poetisk.

mmmm 018

Ellers vert eg så fascinert av snø når det vert skikkelig kaldt, og alle dei flotte snøkrystallane skin i lyset som fell på dei.

003

005

Ha ei flott veke alle sammen!

*¨*.¸¸¸¸.*¨*

tirsdag 18. november 2008

Dalmatiner... anyone??

Attention all ladies!

Tid for å dele ut denne søte "award'en"
Då vil eg starte med å gi den til ei dame eg beundrar på fleire måtar...
Nikoline , denne skal du få, for kvar gong du legg inn noko nytt vert eg sitande i stum beundring over alt du lagar! Du føre penselen så ein skulle tru du aldri hadde gjort noke anna!
Sjeldan har eg sett så vakkert handarbeid!! Nyyyydeleg!
Eg håper ein dag å kunne være eigar av noko du har lagd, håper du gjer det til en realitet å selge produkta dine ifrå bloggen!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Den neste er Tove , som skriv så mykje fint, har stor omsorg for vennane sine, og familia si... og ikkje minst har eit utruleg overskudd til det meste!! Ofte har eg lagt merke til at ho har ikkje berre eit nytt innlegg men gjerne to på same dag.
Stå på Tove!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så vil eg at Tonje skal få ein slik ein... ho har vore kjekk å ha ein del gongar... då ho har budd i eit engelsk-talande land i 9 år, har eg tydd til ho når eg har stått fast. (om det er noko eg har trengt å oversette) Og så har ho vore så snill å gi meg eit godt julegåvetips
(say no more ;-) )!!
Takk Tonje!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så skal Cecilie min gode nabo få ein også... i sitt siste innlegg fortalde ho om "monstermamma" som ho av og til føler seg som, og kva kan vel smelte eit monsterhjerte meir enn ei søøøøt liten dalmatiner?? Syns du klarer deg godt Cecilie!! Litt utløp for frustrasjon må ein berre rekne med!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
I og med eg har fått denne to gonger deler eg like godt ut dei fire neste med det same....
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då skal Anne Grethe få ein av meg, fordi eg må innrømme at eg beundrar overskuddet til denne dama... ho har tross alt ein forholdvis ny-oppussa heim, 4 ungar og mann å ta seg av, likevel strikkar ho dei flottaste ting, lagar masse deilige kaker osv.
Du er flink må eg sei!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Astrid skal få den neste, då ho har hatt slike deilige innlegg.... denne dama kan å leve seg inni livet for å sei det sånn!! "DANCE like no one's watching!" osv. Eg har kosa meg mong ein gong når eg har lese det ho har skreve.. vi kjenner ikkje kvarandre- eg og Astrid, men håper likevel at vi kan bli litt kjendt etterkvart!??
kven veit??
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Ellinor .. du skal også ha ein slik ein.. det var overraskande og kjekt å finne deg der ute i "verda"... her fekk eg også eit flott julegåvetips ifrå, og det set eg stor pris på.. får berre håpe eg får det til Ellinor! ;-) Denne dama lagar utruleg mykje fint!!
Stikk innom og sjå!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
den siste dalmatineren vil eg gjerne overføre til min engelske versjon, og dele ut til ei dame eg har vorte så glad i... (eg har ein engelsk blogg óg, kik gjerne innom)! link to my english version
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då får de ha ein retteleg fin dag alle sammen!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•