mandag 1. desember 2008

Ei hektisk, men koseleg helg….

Det har vore ei helg fullstappa av aktivitet , etter jobb på fredag var det å suse seg heim, for så å få minstemann (og slettes ikkje så liten lengre) i badet… han skulle feire bursdag, og måtte gjer seg klar til det.. det var disco-bowling til den store gullmedalje… og karane hadde det kjempekjekt!!

seb og party 022

Neste dag var laurdag, då måtte vi sjølsagt på bursdagsgave-handel.. då han egentlig har bursdag siste dagen i november… og så måtte vi handle inn godis til laurdagskvelden, då ungane skulle være heime “åleine”.. storesystra og kjærasten var der også.. så dei skulle nok klare seg godt. Dei skulle lage taco og sjå film… “MAMMA MIA!” sjølsagt.. det er no den siste store slageren…

mamma_mia

Og vi foreldra skulle på julebord….

Det vart forresten kjempekjekt!!! Vi hadde en alle tiders kveld og natt… det vart ganske tidlig før vi kom oss heimatt… men,men… Vi åt og drakk, dansa og song i lystig lag, gammal som ung… det var heilt hivens!!!

OG etter ei forholdsvis kort natt, så var det å stå opp til dagens bursdagsbarn… ha litt kos ilag med han og syskena, for så å sette i gong med å leite fram litt advents stæsj! OG då gjekk det ifrå kvardagslege dette:

seb og party 063

seb og party 064

…til dette…… eg fekk opp julegardinene på kjøkkenet.. vaska over vindauga der og, og leitt fram etpar adventsstakar, før her kom  besteforeldre-besøk til bursdagsbarnet, og eg måtte legge rydding og vasking på is ei stund. Så i dag vart det is og kjeks til middag, og middag til kvelds!!! Jaja, ein har bursdag berre ein gong i året!! ..eller… (?)

seb og party 067 seb og party 068

No må eg i full fart ordne adventskalenderen før eg kryp til køys igjen… helga har vore innhaldsrik, koseleg, men aaaaaltfor kort!!! Gled meg allereie til neste helg! hehe…

denne har eg forresten laga sjøl…synes den er fin!

seb og party 065

Ha ei flott veke!!!

4 kommentarer:

Turid sa...

Du hadde jammen hatt en travel helg!
Gratulerer så masse med sønnens bursdag!
Det hørtes ut som et kjekt julebord...der skulle vi har vært!!! Hehe..
Syns du hadde fått pyntet mye jeg. Koselig hos deg. Er imponert over den stjernen som du hadde laget selv! Stilig!
Ønsker deg en flott uke! Klem :)

Tove sa...

Åhhhhh, det er så julekosleg på bloggen din at eg nesten høyrer det knitrar på peisen... Nydeleg julemusikk òg... Det har jammen vore hektisk med deg i helga! Ikkje så reint lite travelt her heller... Hektisk nominasjonsmøte i Molde heile laurdag, rydding og adventspynting i går - før eg avslutta dagen og gjekk mot natt med ein DIGER bunke norsktentamenar som skal rettast... Ynskjer deg og dine ei fin veke!

AnneGrethe7 sa...

...gratulerer med dagen som var til Sebastian...tida flyg og no er han også på veg til å bli stor:)

Vi har hatt ei heller roleg og deilig familiehelg:)Berre kosa oss heime med Mamma Mia på storskjerm, og laga god mat.

Trist med brannen i dag......!

Ønskjer deg ein fin måndagskveld!

Klem

Miamor sa...

Var det i morgen du skulle passe gutten til Runa? du får hilse Reidun og ragnar da..hvis du prater med dem...Arti med felles kjente... Her er det klassisk musikk i kveld og litt hjertesying...koser oss! ha det best!