mandag 23. februar 2009

Mitt favoritt reisemål…. :-)

I går fekk eg etpar utfordringar…

Og då gjer eg det slik at eg tek det i rekkefølge… den fyste utfrodringa som tikka inn var frå Monicas … ei koselig dame oppe i nord, og har du ikkje vore innom henne, må du ta turen..

Eg skulle altså fortelle om mitt favoritt reisemål..

DET var ikkje så veldig vanskelig.. eller?? Der er i grunnen en heil del plassa eg kunne ha tenkt meg å reist, men om eg hadde ubegrensa med pengar ville eg tatt denne turen fyst i allefall:

route66cat

Eg ville ha leigt ein bobil i god størrelse, og berre koooosa meg med alt eg kom til å få sjå…

alaska-rv-rentals

faktisk kunne han godt ha vore endå større, viss eg hadde ubegrensa med penga.. men det har eg ikkje.. så… han hadde nok vore etpar hakk mindre ;-) hehe

route66map

Men å få reise nesten heile USA på tvers.. Åh, då hadde eg kost meg veldig… kanskje eg til og med hadde vore heldig og møtt på blogg-venner der borte også :-)

220-347~Route-66-Posters

Ååååå, eg håper faktisk at dette skal bli virkeligheit en vakker dag… trur eg må begynne å tippe LOTTO!!

Route_66jy

Eg er litt USA frelst..  har alltid vore det.. sikkert fordi oldemora mi var amerikaner.. og eg har vokse opp med historier derifrå, og av og til MAT og KAKER ….. som mormor’a mi laga til oss!

Sign%20-%20Route%2066

Jepp, eg ville nok ha reist til USA…. gler meg til den  dagen eg kan ta med familien dit!!

OG SÅ FEKK EG ETPAR UTMERKINGAR FRÅ Monicas også

Som i dette tilfelle fyl utfordringa..

award_Marie_Antoinette frå Monica

award_gleder_mitt_hjerte frå mONICA

så eg vel å gjere det same, og sender utfordringa og utmerkingane vidare til desse 4:

Dagny

Turid

Siwan

Englemor

og håper de tek utfordringa… litt kjekt å drøyme seg vekk…. og to “awards” på ein gong e vel alle tiders?? eller??

søndag 22. februar 2009

Fastelaven søndag og svart/kvit :-)

Søndag er ein herleg dag!! Sitte framfor tv’en og sjå på stafett i ski-skyting er berre så spennande… og i dag vart det berre VELDIG spennande.. men vi VANN!!!! :-)

Ellers har eg vore på svart og kvit – jakt.. det gjekk over all forventning hehe

sjå berre her:

page

Vert for denne fargerike veka er KOSELIG KOSELIG

ei lita oppsummering

pagefgfds

Ha ein fin fastelaven!!.. eg har forresten bakt boller så vi er klar… her er ein smakebit:

037

Kos dokke i dag!!!!

lørdag 21. februar 2009

Lilla lørdag! :-) I’m lovin’ it…

Endelig er det laurdag og FRI!!!!! :-)

Og så er det den lilla dagen i tillegg :-) Eg er litt svak for lilla også eg… hehe.. så eg fann litt forskjellig rundt omkring.

page

tja.. ei salig blanding vart det, men fiiin farge.. spesielt ilag med litt orange og svart! :-)

vert for denne fargerike veka er KOSELIG KOSELIG

I dag har eg sove lenge, og har laga ostekake, og må vel lage litt boller også.. deilig å ha fri!!!

Skal bli spennande å sjå om eg finn svart og kvitt til i morgon.. hehe.. ser etter fargar kvar dag no! ;-) så seinare i dag, må eg vel på “jakt”.

Ha ein fiin helg folkens!

fredag 20. februar 2009

Orange på fredag…

Eg er veldig glad i orange.. men det skulle vise seg at eg ikkje hadde så veldig mykje pynteting i denne fargen likevel…

her er mitt bidrag til den orange fredagen

page

vert for denne fargerike veka er KOSELIG KOSELIG

torsdag 19. februar 2009

Gul torsdag….

Allright!

Då var det gult sin tur… kom nettopp heim frå jobb.. men visste at eg no hadde en “jobb” å gjere ;-)

Måtte få vist fram noke gult…

page

MMm.. gult minner om vår.. det gler eg meg til!!

Dette va det eg kunne finne heime hos meg…

Vert for denne fargerike veka er KOSELIG KOSELIG

Fargerik i full fart!!! :-)

Slenge meg på desse farge dagane..som de finn opprinnelsen til her :  http://koselig.blogspot.com/ 

… og gir meg i kast med tre på ein gong.. for å ta igjen det tapte! :-)

Eg elskar fargar.. så dette må eg berre være med på synes eg….

Så her kjem mandag, tirsdag og onsdag i samme slengen :-)

Mandag

page2

Tirsdag

page

Onsdag

page3

kanskje ikkje rare greiene… men synest dei vart ganske fine.. om eg skal sei det sjøl ;-) hehe

Ha ei fargerik veke!!!

tirsdag 17. februar 2009

Busy bee…

flowerline02

I går og i dag har eg hatt eit spesielt “prosjekt” på gong .. heilt for meg sjøl… men det har vore kjekt! :-)

flowerline02

Etternamnet mitt er heller sjelden.. her i distriktet fins det ein del som heiter det same, men som ikkje er av same slekt som meg likevel.. fordi det fins fleire opprinnelsa til namnet sjølsagt…

flowerline02

MEN ute i verda.. er der ikkje så fryktelig monge.. eg har funne nokken gjennom FB og har allereide fått meg tre nye venna, med same etternamn som meg sjøl.. alle har familie i Norge frå gammalt av… dette synes eg er veldig artig! :-)

flowerline02

Eg er ikkje så flink og tolmodig til å studere familie bakover i tid…  men synes det er greitt å sjå på dersom eg får det skriftleg og oversiktelig på papiret… men det nyttar ikkje å fortelje det til meg.. då får eg rett og slett øyretopp… og tankane vandrar alle andre plassa.. hehe..

flowerline02

Men i all verden, nye venner er ikkje å forakte.. kjekke var dei også :-)

flowerline02

ELLERS

beeline

Ellers så har eg hatt det travelt på jobben siste tida.. sjukmeldingar gjer at dagane vert travle og fridagane færre

beeline

Så eg har følt meg som en “busy bee”

Busy,busy,busy, buszy, buszy, buzzy,buzzy, buzzy, buzz, buzz, buzzzz, buzzz, buzzzzz, zzzzZzZZZ, ZZZzzzzzZZZzz…

beeline

ja, heilt til eg sovna av utmattelse..

Så i tillegg til en aldri så liten “bloggers-block” har eg vore ganske trøtt siste tida… men eg lova å kome sterkare tilbake.. berre dette roar seg.

beeline

lørdag 14. februar 2009

♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

 

862d9b5e13c64d94187a4a0ae3c838ee1908d3cc

Warm%20Heart

valentines_day_cards_15

Valentine%20day%2063

 azk14-valentine-heart1

“Happy Valentines day” mine venner!

klem, Monica

torsdag 12. februar 2009

Litt kjøkken……..

Tenkte de kunne få sjå litt av kjøkkenet mitt… eg likar å ha det litt “oldfashioned”..

Så her finn de ein fin blanding av nytt og gammalt…

Og så er eg veldig glad i smijern.

007 

Denne delen av kjøkkenet ..(bildet nedom)  er “grua” mi.. her tenkte eg å få til noko som skulle likne på ein gammeldags “grue”…

For å få det til måtte vi få ein gammal snekkar til å lage “viftehatten” til oss..  han gjorde ein flott jobb.. og vi fekk det som vi ville :-)

001

Her likar eg meg veldig godt faktisk.. det skulle berre ha vore dobbelt så stort.. men planen om å bygge på er ikkje lagt heilt på hylla endå.. den dagen kjem nok!

lørdag 7. februar 2009

♥ ha en fin morsdag! ♥

 

RoseLine3

da mødre ble til, var tanken ganske klar.

for mødre har noe i seg, som ingen andre har.

de øser av sin omsorg, og deler alt de vet.

de viser deg at livet, er håp og kjærlighet.

derfor har vi mødre, og dersom du spør meg,

den beste mor i verden, det er nettopp deg!!!

RoseLine3

Til alle mødre der ute

Ha en herlig morsdag i morgon!!

tirsdag 3. februar 2009

Rotekopp og soloppgang…. ;-)

Morgontimane i dag var minneverdige… så eg fann fram kamera og knipsa eitpar bilder….

017

 måtte zoome inn på fjellet til venstre på bildet over.. for det såg så lekkert ut..

018

Det er nemlig her sola kjem opp kvar morgon.. og er ein heldig nok å være heime ein slik dag.. så er det berre eit vakkert syn… denne utsikta har eg frå kjøkkenvinduet mitt…

Men eg har eit lite vindu til.. det er over vasken.. og ut igjennom det ser eg stort sett ingenting.. berre vegen oppom huset… vi har eit overbygg utanfor dette glaset, som gjer at utsikta oppover mot fjella er stengt.. men , men.. det gjer ikkje så mykje.. eg har utsikt overalt !

Men over vasken har eg hengt opp noke eg var så heldig å få kjøpe med Nikoline

Sidan den hadde ei så fin oppskrift, så fann eg ut at den passa best på kjøkkenet… denne rotekoppen min :-)

 022

Eg manglar ei list over flisene der.. men pytt,pytt.. den kjem nok …

 019

Er ikkje den vel lekker?? Eg likar den sååå godt Nikoline… den er berre heilt passande her hos meg.. Eg er veldig glad i slikt. og dette kan vel også kallast kunst… det er no egentlig eit maleri på eit litt anna lerret!! :-)

021

Sjå berre dei flotte detaljane på desse koselege hønene… heilt nyyyyydelig!!

Takk for at eg fekk kjøpe den av deg Nikoline!

mandag 2. februar 2009

NY utfordring med ny vri…

Eg har vorte utfordra endå ein gong til å vise bilde nummmer 6 frå mappe 6 osv.

No bestemte eg meg for å berre flytte det til neste mappe og neste nummer…

dermed endte eg på DETTE bildet

sommarferien 06 158

..som de ser er dette Dæhlei hotel i Lilleelvdal

DETTE bilde har ei artig historie..

Sommaren 2006 hadde eg lagt opp ein tur som eg håpte skulle bli fin… vi kjørte til Dombås fyste kvelden… overnatta i ei hytte der.. neste dag vidare over Dovrefjell.. stoppa innom Dovregubbens hall osv. MEN no er det sånn at når ein kjem til neste dalsøkk.. så kjem ein til Foldal , Alvdal og Tynset.. og eg hadde fått visst at like før Alvdal skulle der være ein plass som heitte Lilleelvdal.. og der er min tippoldefar ifrå…(ein av dei) Vi stoppa innom kvar ei kirke på vegen, for å sjå på kirkene og gravstøtter osv. til alle andres fortvilelse…  :-) hehe

Eg hadde jo lyst å finne slekta…

Vidare skulle vi til Røros og sidan ein tur innom Sverige og så tilbake til Alvdal… Der skulle vi innom Aukrust senteret….

Hadde leigt oss ei hytte på ein gard her, hytta viste seg å være eit over 200 år gammalt hus

sommarferien 06 164

FINT?? Sjarmerande va det i allefall :-)

OG eg må berre sei.. det vi fekk oppleve i denne bygda var berre fantastisk!!! Aukrustsenteret var ein flott opplevelse.. vi såg film om Aukrust og figurane hans, oppfinnelsa og masse kjekt som ungane kunne holde på med.. sidan var vi oppom kirka og utfor kirkeporten stod denne

sommarferien 06 132

OG inne på kirkegarden fann vi gravsteinen til Kjell Aukrust.. den var noko av det mest sjarmerande eg har sett..  og på støtta stod der nokken ord som vi hadde høyrt Ludvig seie på filmen tidlegare den dagen

sommarferien 06 135

Så jordnær og flott…

Vi fann ein Ranch like ved der vi “campa” .. det viste seg at eigaren av denne lille cowboy landsbyen var ein kjend forfattar.. han inviterte oss inn i tavernaen sin og vi kjøpte bok som vi fekk signert.. det heile var egentlig ganske fantastisk.. og boka handla om ei av hans livs største opplevingar… det å temje ein mustang!

Anyway…. Eg snakkar meg visst vekk frå BILDET…

Vi var inne på ein kiosk og spurte KVAR i all verden ligg Lilleelvdal.. som vi ikkje hadde klart å lokalisere på turen vår… DÅ fekk vi vite at Lilleelvdal faktisk heitte ALVDAL i dag…  Så min tippoldefar kom frå Alvdal, men jobba i gruvene i Foldal.. JIPPI.. eg hadde funne ut noke i allefall..

SÅ var det at vi var innom restauranten i Alvdal og kosa oss med kaffe, is og brus… på veggane der hang masse gamle bilder.. og dette var då eit av dei.. legg det inn en gong til..

sommarferien 06 158

i tilfell de hadde gløymt det ;-)

HER var beviset.. ikkje berre det, men også at hotellet heitte Dæhlei var litt vittig.. for eg er nemlig i slekt med Bjørn Dæhlie….

Men akkurat då eg skulle til å røyse meg ut av stolen for å ta bildet.. som hang ganske høgt på veggen.. kom der ein mann med to unga og satte seg der… rett under bildet…

Ikkje berre var det nokon som ville tru eg stod der og ville ta bilde av DEI.. men mannen var faktisk Oddvar Brå!!!

SHIT! no kunne eg i allefall ikkje ta bilde.. vi var nøydde å vente til han gjekk.. eg kunne no ikkje ta bilde over hovudet på ein kjendis heller!!! Då ville han vel vorte fornærma enten eine eller andre vegen… hehe!!

MEN eg fekk tatt bilde til slutt då ser de… og med litt ny kunnskap på kjøpet! :-)