tirsdag 28. oktober 2008

Den fyste snøen



Eit under hende stilt i natt,
vi sov og det har snødd.
Og alle vegar grodde att
der alle folk har trødd

•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•

Vi trør og trør, men sjå om litt
er faret grødd på ny,
og jorda ligg i nysnøkvitt
i første gråe gry.


Halldis Moren

fredag 24. oktober 2008

Om å reise heim

Nå ein person ein er glad i reiser "heim", då vert det stille og vemodig.

Forrige fredag fekk eg ein uventa telefon...
Torsdagen hadde onkel Oddvar ordna billett til Operaen på Nordfjordeid, og ringt ein gong til og tinga etpar ekstra billettar til nokre venner, dusja og ordna seg, pynta seg i dress og hengt jakka på kjøkkenstolen før han satte seg til kjøkkenbordet med ein kopp kaffe...
Men då han ikkje dukka opp for å hente dei han skulle reise til operaen med, reiste dei til han, då fann dei han ved kjøkkenbordet. Livet stod ikkje til å redde, han var reist heim.
Der sat han i finstasen, hadde vore glad og lukkeleg, og gledde seg til kvelden med musikk og song, det han satte så høgt. Det er godt å tenkje på at han hadde vore glad og lukkeleg i dei siste minutta... men det er fryktelig når døden kjem så fort og uventa.

Onkel Oddvar var ein mann som elska musikk og skodespel.... elska menneske og familia si... satte venner høgt, og var utruleg glad i jobben sin. Ein telefonsamtale med denne mannen kunne senke kvilepulsen betraktelig, stemma hans gjorde det med ein. Han hadde den mest behagelige stemma eg har høyrt, så djup, roleg og GOD.
Etter at eg fredagen fekk beskjed om denne hendinga, føltes det som om blodet forlet hovudet ei stund... og heile helga gjekk eg og følte for å ringe til han, i same øyeblikk måtte eg minne meg sjøl på at det var umogeleg. Det var ei merkeleg kjensle dette....


Han var med på mykje onkel Oddvar, og her er han i samtale med Wenche Foss.. etter ei ykt som skodespelar heime på Stadtlandet. Oppe på fjellet står korset som viser at Olav den heilage ein gong var her, og kristna folket..
og historia kring dette har vorte til eit spel heime på Stadt... og onkel Oddvar var ein av dei som var med på dette kvar gong. Når ein ser på desse bileta, så forstår eg at det har satt i gong visse tankar. Det er ikkje så ofte ein ser desse korsa, og der dei fins står dei og minner om ei tid som var, og som kan verke litt uverkeleg..... men han var med på å få liv i historia igjen...I går var eg i begravelsen... kom fram litt tidleg og tok turen oppå fjellet, eg hadde lovd onkel Oddvar at neste gong spelet stod oppe på fjellet her, så skulle eg kome å sjå på... men slik skulle det ikkje bli. I allefall vil ikkje han være der lengre... og det var no det som var målet.. eigentleg.

( å kome å sjå han som skodespelar)

I kyrkja i går opna Hanne Krogh med å synge "ikke en spurv til jorden", så forsiktig og mjukt at tårene sprengte på med ein gong. Så kom alle kransane og historiene om han som vi alle var der for å minnast og for å ta farvel med... Sunniva-koret var der ilag med Prots og song "kyrie eleison"... så aldeles nydeleg at det berre måtte nytast. Sunniva-koret, var det nettopp onkel Oddvar som var med på å skipe, då han var lidenskapelig opptatt av Seljå og historia om St.Sunniva. Etter jordpålegginga reiste vi til samfunnshuset som han var med på å få bygt i si tid.... her fekk vi høyre meir musikk og historier frå hans næraste venner og familie... både fint og vemodig. "ut mot havet" vart spelt på fele, Stadt-songen vart spelt av sjølve komponisten, Hanne Krogh song "tirnanoir" og to flotte damer spelte trekkspel for oss. Det heile var ei oppleving som ein skulle tru onkel Oddvar sjøl hadde vore med på å sette i saman.

Og med dette vil eg berre sei..

onkel Oddvar, du og musikken din vil verte djupt sakna og takk for alle dei gode minna du har gitt oss!

mandag 20. oktober 2008

Bøker til inspirasjon, nytte og hygge

Dagny utfordra meg til å å vise fram bøker som er til inspirasjon, nytte og hygge for meg...
Det kunne virke som ei enkel utfordring i utgangspunktet.. men når eg skulle til å tenke etter, så er her ganske monge bøker som vert flittig brukt.. hm... måtte på med tenkehatten og luke ut litt... så då får eg starte med dei bøkene som er til nytte... og då gjekk tanken til leksikon samlinga i bokhylla..
desse er eg kjempeglad i, og synest var ei veldig god investering i si tid.
Desse bøkene kjem ofte til nytte, både når ungane har lekser, og viss det berre er noko vi lurer på... her finn vi som regel svaret.

Så har vi i den sammenheng også desse bøkene som heiter verdenshistorien... her kan ein og finne mykje intressant.. heilt frå jordas spede begynnelse og fram til i dag. desse kjem også til nytte for oss, og spesielt den som heiter frå krig til krig, og som handlar om dei to verdens-krigane.

Slektstreet.. familiens minnealbum, kan vel ligge under alle tre alternativa, dette er ei bok som kan være både til inspirasjon, nytte og hygge ... dette er ei "fill in the blanks"-bok, og har inspirert meg til å snakke med familien og granska litt i familie-historia til både Finn og meg sjølv...og for seinare tider kan dette kome til nytte for både meg sjølv og ungane mine, og vi kan alle hygge oss med det ferdige resultatet. Dessutan er det veldig kjekt å få høyre meir om slekta si bakover i tid. :-) Dette er ei bok de som driv med blogging sikkert hadde likt , trur eg.

Menn er frå Mars, kvinner er frå Venus, av John Gray
Er ei veldig intressant bok, kan være både til inspirasjon og nytte... her får ein eit innblikk i korleis menn tenkjer, og forsåvidt kva vi kvinner tenkjer... og kvifor vi gjer det vi gjer i kvardagen... alt er visst innebygd på eit vis... og eg må innrømme at eg storkosa meg når eg las denne boka. Eg kjende meg att, og fekk ledd ein god del over ting som eg tidlegare har undra meg over når det gjeld menn for eksempel.. hehe!!! Eg stortrivdes med boka, og den fekk meg til å tenkje...
Då eg var i USA og gjekk skule, så hadde eg psykologi på skulen, det syntes eg var kjempe-intressant.... og derfor fall også denne boka i smak hos meg. Masse intressant stoff her, og kan anbefalast for alle som bor ilag med det andre kjønn.. og ein treng ikkje å slite i forholdet for å lese den. Absolutt å anbefale!!



OG sist men ikkje minst Sønnavind-bøkene mine, skreve av Frid Ingulstad.
Dama med dei absolutt blåaste augene eg har sett. :-)
Dette er ei serie som omhandlar livet ved Akerselva rundt 1905, og spesielt ved Sagene.
Det var eit blodslit for mange på den tida, og i boka vert vi kjend med ei fattig familie som slit veldig, Elise er hovudpersonen i boka, ho har ei mor som ligg sjuk og som ikkje kan ta seg av verken Elise eller syskjena hennar... og faren deira har vorte offer for alkoholens makt, og som ikkje er til nytte for familien lengre, snarare tvert imot, når han av og til kjem heimom ilag med andre drankarar og steller i stand bråk.....
Elise og systra jobbar på fabrikk og jobbar frå tidleg morgon til seint på kveld, og kjem heim til eit ishus om vinteren, og svært lite mat... det går i vassgraut og tørre brødskalkar .. og dei har to mindre brør som gjeng på skule, og som må følgast opp med lekser osv..........
og det som er intressant i det heile er at sjølv om hovudpersonen og familia hennar er oppdikta, er mykje av det ho/dei opplever sant! Frid har snakka med mennesker som har opplevd desse tinga, og ein må berre undre seg over korleis dei holdt ut... jobbe så mykje på så lite mat, fryse både dag og natt, og nesten uten fritid i det heile.
Frid Ingulstad flettar inn veldig mykje fakta og historie i bøkene, så når ein les denne serien får ein også med seg mykje av det som gjekk føre seg i landet vårt rundt århundreskiftet. Eg er imponert!!!! ... om det gjekk an skulle eg ønske den aldri tok slutt.
OG eg må berre hylle forfattaren.... utrulig kva denne dama sit inne med av informasjon, historie og fakta... ho skriv også mykje bøker som handlar om vikingtida...
eg har også etpar barnebøker ho har skreve, og det er bøker ungane mine er glade i.
Når eg les SØNNAVIND, då kosar eg meg glugg ihjel.. og det er ikkje råd å få meg ut av Sønnavind-verda uten at eg har lyst til å spare på kosen (som det er å lese denne serien)




torsdag 16. oktober 2008

Vincent....

Vincent

nyydelig..

Starry, starry night, paint your pallet blue and grey
Look out on a summer’s day with eyes that know the darkness in my soul
Shadows on the hills, sketch the threes and the daffodils,
Catch the breeze and the winter chills in colors on this snowy linen land

Now I understand, what you tried to say to me,
How you suffered for your sanity
How you tried to set them free, they would not listen,
They did not know how, Perhaps they’ll listen now

Starry, starry night, flaming flowers that brightly blaze,
Swirling clouds in violet haze, reflecting Vincent’s eyes of china blue,
Colors changing you, morning fields of amber grain,
Weathered faces lined in pain, are soothed beneath the artists loving hand

Now I understand, what you tried to say to me,
And how you suffered for your sanity
How you tried to set them free, they would not listen,
They did not know how, Perhaps they’ll listen now

For they could not love you, but still your love was true,
And when no hope was left in sight on that starry, starry night
You took your life as lovers often do….
But I could have told you Vincent,
This world was never meant for one as beautiful as you!

Starry, starry night, portraits hung in empty halls,
Frameless heads on nameless walls, with eyes that watch the world and can’t forget,
Like the strangers that you’ve met, the ragged men in ragged clothes,
The silver thorn, a bloody rose, lay crushed and broken on the virgin snow…
Now I think I know… what you tried to say to me,
And how you suffered for you sanity
And how you tried to set them free, they would not listen,
They’re not listening still… perhaps they never will…



mandag 13. oktober 2008

Himmelblå

HIMMELBLÅ

Himmelblå, ei ny serie på tv, og som ej he blitt hekta på.. allereie. :-)
Den er filma på Ylvingen, og begge systrene til Finn, (min mann) bor der oppe, på øya Vega.. så dette vert spesielt spennande då nokken av tante-ungane mine kjem til å være med på seria på eitt eller anna tidspunkt. Spennande syns ej.
Vega er berre den nydeligste øya en kan tenke sej... krittkvite sandstrender og eit overkomeleg landskap å spasere i... sjølv om øya ikkje er så stor har den litt av ei historie, som går tilbake i tusenvis av år.... og det er store forskjelar frå eine sida av øya til den andre.. som sagt krittkvite strender, men på den andre sida er det berre runde nyyydelege steinar i fjøra. Landskapet der oppe må berre opplevast, så ej syns ikkje det er så rart at dei har forelska sej sopass i tilværelsen der oppe, at dei har bestemt seg for å bruke det i ei norsk serie på tv. Den som reiser dit er nøydd til å bli betatt. Sånn er det berre. Så det kan ej anbefale på det sterkaste.
MEN når det gjeld ferjer, så går dei ikkje like ofte som vi er van med, og ein kan riskere at ferjemennene sei " ka ti' vi fær? ... vi kjør når dæ e fullt!" hehe!

♥♥♥♥♥ noke å tenke på til neste sommar ♥♥♥♥♥


mandag 22. september 2008

Haustgleder...

ÅÅååå no e det bra koselig å være inne kveldane...
tenk at et lite lys kan gjer så mykje med humøret :-)


sette seg i go'stolen og berre nyte at en er til... ha det kjekt ilag med sine nærmaste, lese ei god bok, og berre slappe heilt av... endå deiligare hadde det vore viss vinden ulte og kanskje regnet slo lett imot ruta.. for då vert kontrasten så mykje tydeligare...og en set så mykje meir pris på at en faktisk har tak over hovudet.. i tillegg til stearinlys og ild ;-)

og kanskje ein er så heldig at en også har ny-hausta plommer på lur... mmmm deilig!!
OG då er eg glad for at vi har hatt dette flotte været vi har hatt (og ikkje vind og regn), for no har dei gode haust plommene også fått lov å modne skikkelig. Det er jammen ikkje kvart år på våre kantar.
Ha det godt "bloggers" og nyt hausten i fulle drag så lenge det fine været held seg.. så kan vi trøste oss med stearinlys tidsnok.


onsdag 17. september 2008

Scooby Doo ???

Ej va litt uheldig i dag.. og "slobba"/sølte litt kaffe utover kjøkkenbenken..

gjekk for å hente tvågå/kluten/tua (kjært barn har mange namn)
Då ej kom tilbake til min sølte flekk måtte ej le, og ropte på ungane og spurte dei ka dei såg !?
VI VA EINIGE
Det va Scooby Doo :-) hehe













så då spør vi eksperten...












NÅååå .`???? kven er dette??


















det va det vi også syns hehe!!


tirsdag 16. september 2008

FaVoRiTt FaRgE...kva er det??

Hmm..

har vore innom diverse bloggar dei siste dagane... i undring over at dette har vorte så populært!!? Sjøl har eg hatt blogg ei stund, då eg har to døve nieser i Bergen... og dette er ein måte å halde seg litt oppdatert på... så innlegg har vorte lagt inn og sletta og nye har komt til...

Så har eg siste tida møtt fleire som har vorte "hekta" på blogg-livet... hmm.. intressant.. dette må eg utforske. Og jammen er det ikkje ein god del vakre og gjennomtenkte bloggar i Ørsta åleiene :-) Retteleg imponert over enkelte :-)

Vart litt opptatt av dette med favoritt farge eg då..... og har sett mange vakre bilder frå heimane deira.. der favorittfargen er i fokus :-) OG så mange flotte heimar folk har....

MEN så slo tanke meg.. favorittfarge?? har eg det?? hmm.. både ja og nei.. med meg går det i trivselsfargar i fleirtal.... og det er haustfargane eg då fell for... pastellar er ikkje noko for meg..
dei fekk eg nok av på 80-talet, hehe..

jaja, så for å vise kva eg meinar har eg gjort som andre.. knipsa litt bilder... ein annan ting som er "viktig" for meg i heimen er ikkje berre trivselsfargar, men også at ting har verdi - ikkje i pengar - men må ha ein viss affeksjons verdi..... og gjerne ei historie.

Då vil eg starte med dette skrinet.. der det står
Clarks "anchor"
stranded cotton for embroidery.
dette er arvegods som mi mormor hadde ståande på butikken sin i "gamle dagar", og det inneheld då som sagt tråd som blei brukt til brodering...
det har fleire etasjar og inneheld tråd i alle mulege fargar, den dag i dag..
det som er morsomt i denne sammenheng er at eg nok har ordna det slik at mine favoritt fargar har fått plass øverst, då det er glas-lokk på skrinet....


OG her ligg dei altså.. som perler på ei snor....
MINE favoritt fargar.... haustfargane mine ...
eg har funne ut at det er desse som går igjen i min heim.. mykje ubevisst.. sikkert fordi eg naturleg fell for desse fargane i diverse nyansa...

men om du bed meg velge EIN.. då får eg stooore problem trur eg...
NEI eg er nok av den typen som må ha fargar rundt meg.. lyse heimar er imponerande fine og flotte.. men eg kunne nok ikkje klart meg der så lenge.. utan å male over det kvite... eg treng lune og varme fargar .. det har eg kome fram til....



Her er eit anna eksempel..
dette er oppunder taket og på toppen av bokhylla i stua vår, her står ein flaskehaldar for vin.. som er ei gåve frå ei venninde, eit par lysestakar, ein engel som spelar fele og ein gammal radio.
Radioen er ikkje i funksjon, men om eg verkeleg ville, skulle den nok ha fått liv igjen...
det hadde forresten vore stas... hehe
(noko å tenke på )



Her er skona som Amanda fekk bruke berre ein gong...
Hadde kjøpt dei i anledning vår bryllupsdag.. og jenta vår skulle være fin.. og når eg so skulle leite dei fram igjen til 17. mai samme år, var skona ikkje å finne.. sidan den gong har vi flytta hit igjen til Ørsta, og ein dag i fjor rydda eg i ei kasse som eg fann på loftet.. DER låg skona som då hadde vore vekke i 10 år!!! Altfor små :-( MEN like fine, og vart derfor pynt på ei lita avsidesliggande hylle i stua.


mandag 15. september 2008

Insekt

He aldri vore særlig glad i insekt.... det e liksom noko med at dei er litt skremande av utsjånad og monge av dei stikk også.. eller bit. OG så har dei en tendens til å gjer at eg føle at eg ikkje heilt har kontroll....


MEN så har vi augestikkaren.... den er veldig stor for det fyste.. og kvifor heite det augestikkar?? stikk han augene?? nei, det har eg aldri høyrt om...
fekk fanga en på linsa i sommar/haust
og eg må sei.. den er ganske imponerande :-)


søndag 14. september 2008

haust i Grepalia

Amanda laga eit blomsterhjerte

det ville Sebastian også..

og etter litt skattejakt rundt omkring hagen

så vart det no ei flott samling med farga...

og vi syns det vart ganske so lekkert :-)



torsdag 21. august 2008

ENDELIG sommar!!!

Bading i Ørsta - 08

I sommar fekk vi besøk av tante Elin og Jon-Helge
Dei hadde med seg to ungar kvar, Erlend og Karen (søskenbarna til A og S)
og Jon-H hadde med to av ungane sine som heite Inger og Jon-Arild
Det va en kjekk gjeng som kosa seg ilag

på dette bildet sit gjengen i "boblebadet" i elva



her e heile gjengen samla til kveldsbad i bassenget i hagen


Amanda og Karen storkosa seg ilag.. endelig sammen..


Vi var mykje oppe i "kulpen" då det var varmt.. her e Sebastian i farta
det vart mykje hopping denne sommaren...


Amanda og Sebastian i det nye bassenget


torsdag 12. juni 2008

på vandring med Frid Ingulstad

Frid ved fabrikkene


Kjekk dame!
Finn, Frid, Arnulf og Thomas


her blir det lagt en plan :-)
Verksmesterboligen


Her i dette huset bor hovedpersonen i Sønnavind :-)
vi var på vandring i Oslo,
fikk høre mye om arbeiderne ved Akerselva...
det var utrolig fint vær, kjempevarmt og fint
en vellykket tur.