mandag 13. oktober 2008

Himmelblå

HIMMELBLÅ

Himmelblå, ei ny serie på tv, og som ej he blitt hekta på.. allereie. :-)
Den er filma på Ylvingen, og begge systrene til Finn, (min mann) bor der oppe, på øya Vega.. så dette vert spesielt spennande då nokken av tante-ungane mine kjem til å være med på seria på eitt eller anna tidspunkt. Spennande syns ej.
Vega er berre den nydeligste øya en kan tenke sej... krittkvite sandstrender og eit overkomeleg landskap å spasere i... sjølv om øya ikkje er så stor har den litt av ei historie, som går tilbake i tusenvis av år.... og det er store forskjelar frå eine sida av øya til den andre.. som sagt krittkvite strender, men på den andre sida er det berre runde nyyydelege steinar i fjøra. Landskapet der oppe må berre opplevast, så ej syns ikkje det er så rart at dei har forelska sej sopass i tilværelsen der oppe, at dei har bestemt seg for å bruke det i ei norsk serie på tv. Den som reiser dit er nøydd til å bli betatt. Sånn er det berre. Så det kan ej anbefale på det sterkaste.
MEN når det gjeld ferjer, så går dei ikkje like ofte som vi er van med, og ein kan riskere at ferjemennene sei " ka ti' vi fær? ... vi kjør når dæ e fullt!" hehe!

♥♥♥♥♥ noke å tenke på til neste sommar ♥♥♥♥♥


Ingen kommentarer: