fredag 24. oktober 2008

Om å reise heim

Nå ein person ein er glad i reiser "heim", då vert det stille og vemodig.

Forrige fredag fekk eg ein uventa telefon...
Torsdagen hadde onkel Oddvar ordna billett til Operaen på Nordfjordeid, og ringt ein gong til og tinga etpar ekstra billettar til nokre venner, dusja og ordna seg, pynta seg i dress og hengt jakka på kjøkkenstolen før han satte seg til kjøkkenbordet med ein kopp kaffe...
Men då han ikkje dukka opp for å hente dei han skulle reise til operaen med, reiste dei til han, då fann dei han ved kjøkkenbordet. Livet stod ikkje til å redde, han var reist heim.
Der sat han i finstasen, hadde vore glad og lukkeleg, og gledde seg til kvelden med musikk og song, det han satte så høgt. Det er godt å tenkje på at han hadde vore glad og lukkeleg i dei siste minutta... men det er fryktelig når døden kjem så fort og uventa.

Onkel Oddvar var ein mann som elska musikk og skodespel.... elska menneske og familia si... satte venner høgt, og var utruleg glad i jobben sin. Ein telefonsamtale med denne mannen kunne senke kvilepulsen betraktelig, stemma hans gjorde det med ein. Han hadde den mest behagelige stemma eg har høyrt, så djup, roleg og GOD.
Etter at eg fredagen fekk beskjed om denne hendinga, føltes det som om blodet forlet hovudet ei stund... og heile helga gjekk eg og følte for å ringe til han, i same øyeblikk måtte eg minne meg sjøl på at det var umogeleg. Det var ei merkeleg kjensle dette....


Han var med på mykje onkel Oddvar, og her er han i samtale med Wenche Foss.. etter ei ykt som skodespelar heime på Stadtlandet. Oppe på fjellet står korset som viser at Olav den heilage ein gong var her, og kristna folket..
og historia kring dette har vorte til eit spel heime på Stadt... og onkel Oddvar var ein av dei som var med på dette kvar gong. Når ein ser på desse bileta, så forstår eg at det har satt i gong visse tankar. Det er ikkje så ofte ein ser desse korsa, og der dei fins står dei og minner om ei tid som var, og som kan verke litt uverkeleg..... men han var med på å få liv i historia igjen...I går var eg i begravelsen... kom fram litt tidleg og tok turen oppå fjellet, eg hadde lovd onkel Oddvar at neste gong spelet stod oppe på fjellet her, så skulle eg kome å sjå på... men slik skulle det ikkje bli. I allefall vil ikkje han være der lengre... og det var no det som var målet.. eigentleg.

( å kome å sjå han som skodespelar)

I kyrkja i går opna Hanne Krogh med å synge "ikke en spurv til jorden", så forsiktig og mjukt at tårene sprengte på med ein gong. Så kom alle kransane og historiene om han som vi alle var der for å minnast og for å ta farvel med... Sunniva-koret var der ilag med Prots og song "kyrie eleison"... så aldeles nydeleg at det berre måtte nytast. Sunniva-koret, var det nettopp onkel Oddvar som var med på å skipe, då han var lidenskapelig opptatt av Seljå og historia om St.Sunniva. Etter jordpålegginga reiste vi til samfunnshuset som han var med på å få bygt i si tid.... her fekk vi høyre meir musikk og historier frå hans næraste venner og familie... både fint og vemodig. "ut mot havet" vart spelt på fele, Stadt-songen vart spelt av sjølve komponisten, Hanne Krogh song "tirnanoir" og to flotte damer spelte trekkspel for oss. Det heile var ei oppleving som ein skulle tru onkel Oddvar sjøl hadde vore med på å sette i saman.

Og med dette vil eg berre sei..

onkel Oddvar, du og musikken din vil verte djupt sakna og takk for alle dei gode minna du har gitt oss!

Ingen kommentarer: