mandag 20. oktober 2008

Bøker til inspirasjon, nytte og hygge

Dagny utfordra meg til å å vise fram bøker som er til inspirasjon, nytte og hygge for meg...
Det kunne virke som ei enkel utfordring i utgangspunktet.. men når eg skulle til å tenke etter, så er her ganske monge bøker som vert flittig brukt.. hm... måtte på med tenkehatten og luke ut litt... så då får eg starte med dei bøkene som er til nytte... og då gjekk tanken til leksikon samlinga i bokhylla..
desse er eg kjempeglad i, og synest var ei veldig god investering i si tid.
Desse bøkene kjem ofte til nytte, både når ungane har lekser, og viss det berre er noko vi lurer på... her finn vi som regel svaret.

Så har vi i den sammenheng også desse bøkene som heiter verdenshistorien... her kan ein og finne mykje intressant.. heilt frå jordas spede begynnelse og fram til i dag. desse kjem også til nytte for oss, og spesielt den som heiter frå krig til krig, og som handlar om dei to verdens-krigane.

Slektstreet.. familiens minnealbum, kan vel ligge under alle tre alternativa, dette er ei bok som kan være både til inspirasjon, nytte og hygge ... dette er ei "fill in the blanks"-bok, og har inspirert meg til å snakke med familien og granska litt i familie-historia til både Finn og meg sjølv...og for seinare tider kan dette kome til nytte for både meg sjølv og ungane mine, og vi kan alle hygge oss med det ferdige resultatet. Dessutan er det veldig kjekt å få høyre meir om slekta si bakover i tid. :-) Dette er ei bok de som driv med blogging sikkert hadde likt , trur eg.

Menn er frå Mars, kvinner er frå Venus, av John Gray
Er ei veldig intressant bok, kan være både til inspirasjon og nytte... her får ein eit innblikk i korleis menn tenkjer, og forsåvidt kva vi kvinner tenkjer... og kvifor vi gjer det vi gjer i kvardagen... alt er visst innebygd på eit vis... og eg må innrømme at eg storkosa meg når eg las denne boka. Eg kjende meg att, og fekk ledd ein god del over ting som eg tidlegare har undra meg over når det gjeld menn for eksempel.. hehe!!! Eg stortrivdes med boka, og den fekk meg til å tenkje...
Då eg var i USA og gjekk skule, så hadde eg psykologi på skulen, det syntes eg var kjempe-intressant.... og derfor fall også denne boka i smak hos meg. Masse intressant stoff her, og kan anbefalast for alle som bor ilag med det andre kjønn.. og ein treng ikkje å slite i forholdet for å lese den. Absolutt å anbefale!!



OG sist men ikkje minst Sønnavind-bøkene mine, skreve av Frid Ingulstad.
Dama med dei absolutt blåaste augene eg har sett. :-)
Dette er ei serie som omhandlar livet ved Akerselva rundt 1905, og spesielt ved Sagene.
Det var eit blodslit for mange på den tida, og i boka vert vi kjend med ei fattig familie som slit veldig, Elise er hovudpersonen i boka, ho har ei mor som ligg sjuk og som ikkje kan ta seg av verken Elise eller syskjena hennar... og faren deira har vorte offer for alkoholens makt, og som ikkje er til nytte for familien lengre, snarare tvert imot, når han av og til kjem heimom ilag med andre drankarar og steller i stand bråk.....
Elise og systra jobbar på fabrikk og jobbar frå tidleg morgon til seint på kveld, og kjem heim til eit ishus om vinteren, og svært lite mat... det går i vassgraut og tørre brødskalkar .. og dei har to mindre brør som gjeng på skule, og som må følgast opp med lekser osv..........
og det som er intressant i det heile er at sjølv om hovudpersonen og familia hennar er oppdikta, er mykje av det ho/dei opplever sant! Frid har snakka med mennesker som har opplevd desse tinga, og ein må berre undre seg over korleis dei holdt ut... jobbe så mykje på så lite mat, fryse både dag og natt, og nesten uten fritid i det heile.
Frid Ingulstad flettar inn veldig mykje fakta og historie i bøkene, så når ein les denne serien får ein også med seg mykje av det som gjekk føre seg i landet vårt rundt århundreskiftet. Eg er imponert!!!! ... om det gjekk an skulle eg ønske den aldri tok slutt.
OG eg må berre hylle forfattaren.... utrulig kva denne dama sit inne med av informasjon, historie og fakta... ho skriv også mykje bøker som handlar om vikingtida...
eg har også etpar barnebøker ho har skreve, og det er bøker ungane mine er glade i.
Når eg les SØNNAVIND, då kosar eg meg glugg ihjel.. og det er ikkje råd å få meg ut av Sønnavind-verda uten at eg har lyst til å spare på kosen (som det er å lese denne serien)




2 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Interessant! Utruleg artig å sjå kva andre kosar seg med i godstolen.
Det slektstrealbumet hadde vore midt i blinken for mora mi. Kvar har du fått tak i det??

~♥~ Monica S sa...

fekk det i gave faktisk.. men kan tenke mej dei he det i dei fleste bokhandlar... kanskje til og med foto lystad... :-) kjempekjekk bok det. He ellers nokken av bøkene du ha vist fram også.. så då valgte ej andre ;-)