mandag 3. november 2008

tankar om oktober...♥



Lekker utsikt vi har... ein kveldstime no i oktober va det spesielt vakkert, har monge slike motiv frå stue-døra.. det er herlig å ha ei slik fantastisk utsikt over fjell og fjord.

oktober ja.. det er ei tid for mange hendingar i mitt liv... den fyste ej kan minnast spesielt godt var at faren min døde denne månaden... det har begynt å bli ei stund sidan no, heile 21 år.. han vart ikkje gamle karen, desverre.

Den andre hendinga var då eg var au-pair i California (19 år sidan) og eg fekk oppleve eit av dei størst jordskjelva i California si nye historie, 7,1 på richters skala.. skal love dokke at det satte sine spor... både fysisk på landjorda og psykisk i sinnet til ein stakkars au-pair longt vekke heimafrå.

Den tredje hendinga var då eg vart mor for fyste gong.... det hende den 31. oktober 1995. Amanda vart fødd, og endelig kunne oktober være noko postitivt også... og med litt bakgrunn i det amerikanske (har budd der to år av mitt liv) så vart det naturlig at vi også gjorde litt ekstra stas på bursdagen som fall på halloween.

Den fjerde hendinga var no i år, då eg myste onkel Oddvar, så nok ein gong la skuggen seg over oktober....

MEN, at vi avsluttar oktober kvart år med ei bursdagsfeiering, utstrålar alle vonde minner, og gjev oss lyset og lukka tilbake i kvardagen. I år vart ein merkedag av dei heller sjeldne, då ho vart heile 13 år gammal, og tenåring!!!

her er eit bilde av mine to solstrålar


ein må berre smile, når dei har vorte så store og fortsatt er verdens beste venner, då føles det godt i eit mors-hjerte :)

Og som om ikkje det er nok, så klarer dei å øse litt over storesystra si også, som er med oss av og til , då ho har to heimar å pendle mellom

♥♥♥ e'kje dei go'??? ♥♥♥

Så oktober, velkommen igjen....

trass tunge minner, så er du eit av lyspunkta i året!!



3 kommentarer:

Nikoline sa...

Hei. Takk for besøket på bloggen min! Så kjekt at du la att eit lite spor så eg kunne finna denne flotte bloggen din!! Har kosa meg her hjå deg no,men må nok snart innom att for du hadde så mykje interessant å lesa.Ser me har samme synet på nydelege Helgeland.. farsslekta mi er derifrå.Har nær slekt på Vega som du skriv om,ellers er det Alstadhaug,Brønnøysund og Kvaløya.Det er vakkertder oppe. Ellers så syntes eg å dra kjensel på ei brur på eit bilde,men det var sikkert synsbedrag.. (hvis det er ei døv jente var det ikkje synsbedrag..)
Uansett; du har ein veldig fin blogg!
Helsing Nikoline på landet

Nikoline sa...

Hei igjen.Ja,dette var rart,du... Eg syntes det var henne,men tenkte at det må vera ei som er grådig lik... Ho er venninna til yngste datter mi,Astri-Marie,som også er døv. Dei har gått i samme klasse i Bergen og Astri-Marie var i bryllupet hennar.Som du seier,verden er ikkje stor...

Tove sa...

Ang. innlegget mitt, så kjenner vi nok same dama.... Men du , så utruleg sterkt det var å lese det du hadde skrive om onkelen din. Rørande, sjølv for meg som ikkje kjenner han. Du skriv utruleg bra, hald fram å skrive slike hjertevarme innlegg som berre du kan! Var forresten kjekt å sjå bilete av Karoline!