lørdag 8. november 2008

Tusen takk Cecilie!.*.* .♥¸.•'`♥ƸӜƷ

Oppdaga at ej hadde fått tildelt ein "award" i dag..
TUSEN TAKK CECILIE!

La mej fortelle om Cecilie...

Då vi flytta inni heimen vår, så flytta vi inn i eit gammalt "byggefelt", og vi hadde ikkje særleg monge naboar på vår eigen alder, sjøl om alle naboane våra er veldig kjekke folk, som vi kosar oss ilag med, spesielt om sommaren når alle er utandørs.
(om vinteren går vi litt meir i hi)

Så ein dag døde vår eldste nabo, og huset vart solgt!

Før vi visste ordet av det kom ei familie inn der og begynte ei oppussing eg sjeldan har sett maken til... det gjekk radigt og fort føre seg, og om ikkje så lenge var dei ferdige og heile gjengen flytta inn. Dette viste seg å være Cecilie og hennar familie...mann og tre ungar. det vart stor stas må dokke vite.. våre ungar fekk nokon å "henge" ilag med utandørs, og eg og Finn fekk to kjekke vaksne på vår eigen alder å snakke med.

Det har vorte mong ein tur "over gjerdet", kike litt på prosjekt dei har hatt gåande, grilling, festar eller berre ein prat om laust og fast.. rett så koselig vil eg seie.

Eg set pris på naboskapet og vennskapet vårt, og er glad for å ha dokke/dei som ein av våre næraste naboar!!!

Takk igjen for denne:

Så var det vel noke med å gi denne vidare til andre bloggara..
det må eg sove på
(bokstavleg talt, for det er seint og eg er trøtt)

Ingen kommentarer: