torsdag 6. november 2008

Min beste venn ♥

Å så sentimental

MEN når sant skal seiast, så er det vel slik det er.
Vi har det fint ilag, er vidt forskjellige, men likevel så like, det siste trur eg faktisk vi har vorte gjennom åras løp... lært oss kvarandre sin stil og smak. Vi har budd litt her og der, og flytta frå den eine plassen til den andre, men det va her vi ynskte å bu, og skjebnen gjorde vel sitt for å hjelpe oss akkurat hit. Her er vi heime, og her skal vi med tid og stunder få det slik vi vil ha det, det er forsåvidt ei evig oppussing.. det er så mong ein idè ein får.. på den måten er eg vel litt håplaus... ...eller ikkje, det kjem vel an på auga som ser.
DÅ vi starta med å pusse opp dette huset, som var Finn si farmor sitt hus, så levde ho "Begga" som ho vart kalla, men var ikkje heilt i form og hadde flytta ned på sjukeheimen. Ho hadde sine tankar om kva ho alltid hadde ynskt seg å få gjort med huset. Ho ville blandt anna ta vekk veggen mellom dei to stovene, og sette i småruta vindu/vindauge....
dette gjorde vi, og når vi besøkte henne på sjukeheimen og fortalte om framskritta så slo ho saman hendene og lo og kosa seg... og gledde seg storvegs til å få kome opp og sjå.
Desverre vart ho sjuk(are) og sengeliggande, så den gleda fekk ho aldri, og ikkje vi heller. Bittert! MEN sånn er no ein gong livet!!!
No har vi snudd huset både ut og inn og endevendt alle rom, pussa og gnikka, mala og tapetsert, pussa oppatt ein gong til , snikra og stått på.... Bytta bordkledning, mala huset to gonger, og hagen har fått grundig overhaling heile tre gonger... så det står ikkje på.. vi har nok å gjere. Og endå så er vi ikkje i mål.. dei største prosjekta våre har vi ikkje satt ut i livet endå, men det kjem nok, når tida er inne..... og det gled eg meg til!!! DER er vi like, eg og Finn, vi elskar å pusse opp.
Derimot er eg litt låst i fargane mine... har veldig spesielle tankar om akkurat slikt... (sjå innlegget om mine favorittfargar) eg synest at det er fint med lyse fargar heime med andre, men det går berre ikkje når det er eg sjøl som skal leve midt oppi det... eg trivest ikkje....... ja,ja, det er no ikkje verdens undergang det heller.
Finn ser ut til å være ganske einig med meg, men akkurat der er eg ikkje heilt sikker på om han seier kva han eigentleg meiner, eller om han vel dei fargane eg liker... i begge tilfelle, så må eg berre sei at han gjer meg veldig glad!! hehe
Både Finn og eg har opplevd mykje i våre liv (før vi møttes), eg hadde opplevd eitpar tragedier, og han hadde sjøl vore med på ei bilulykke som nesten tok livet av han. HELDIGVIS for meg, så gjekk det bra.... etter ulykka så vart han liggande i koma ei stund, og når han våkna, så var han lam i eine sida, hadde myst taleevna og var mest som ein slagpasient å rekne. Han og familien stod på, og han kom seg på føtene igjen, og han lærte seg å prate på nytt... det var ein hard og lang kamp, som dei heldigvis vann. Enno pregar denne ulykka han, men han let seg ikkje stoppe av den grunn.
Mine tragedier går eg ikkje inn på... då eg tidlegare har nevnt nokre av dei.....
Det som eg synest er litt trist med å bu her, er at det er veldig likt min eigen heimstad. Den er rett og slett for liten... alle kjenner alle, og vi tek ikkje til oss kven som helst. No kjenner eg veldig monge her, men kjenner likevel at når det verkeleg gjeld, så saknar eg mine barndomsvenner og andre som eg har flytta frå i løpet av mitt liv. Dei som eg veit er der for meg uansett. Eg har nok ikkje vore så flink til å by meg fram... er litt heimalen og trivest godt i mitt eige selskap. Men eg skulle ønske at bygdefolket var litt meir opne for noko nytt... være seg nye naboar, venner eller butikkar for den del... men "du-må'kje-kome-her" mentaliteten herjar i denne bygda og.. slik det gjorde/gjer der eg kjem frå.
MEN monge er kjekke, og eg trivest godt.. eg kan ikkje tenkje meg å flytte... anna enn til eit varmare land for ei periode... der veit eg at Finn er einig med meg.
OG vi har begge lyst til å reise og oppleve ting... det har vi som eit mål at vi skal også. Heldigvis har vi opne dører og hjarterom både her i landet og i fleire andre land om vi verkeleg vil. Men det var dette med TID.. og PENGAR... Spesielt dersom vi tek turen utanlands. Då må vi være ei stund om vi fyst tek turen.
På søndag er det farsdag... og då skal vi gjer litt stas på Finn.... verdens beste pappa, ektemann og min aller beste venn.
PS!

Når det vert MORS-dag har eg eit stort ønske...
har alltid hatt så lyst på ein MORS-ring
som dette, med navna til ungane på og fødsels-steinane deira i.....

5 kommentarer:

Cecilie sa...

Hellu. Veit alt om oppussing føle ej, e enig i at det er kjekt å pusse opp å styre åstelle i heimen, men når en finne isolasjon i senga si, då e d ikkje kjekt lenger....Vi he nå tusen prosjekt på gong, lure til tider på om vi blir ferdige noken gong, det blir vi sikkert ikkje...

klem

Turid sa...

Takker for kommentar på bloggen min! ...kan enno bli berømt..hihi.

Her var mye kjekt å lese på!
Mange sterke opplevelser du forteller om. Trist og fint på samme tid å lese om onkel Oddvar. Kondolerer!
Men for noen skjønne og gode unger dere har då! og snill mann skjønner jeg.
Den slektsboken var et godt tips, og takk for nydelige Vincent. Vekker mange minner..
Jeg MÅ bare linke deg og! Klem :)

Turid sa...

Har oppdaget at vi har felles kjente, niesene dine som du liker til... Klem fra Turid :)

Turid sa...

Har jobbet i døvemiljøet...best vi går over til e-mail nå..hihi ;)

Nikoline sa...

Oi,oi,oi... så forsvinn vel denne kvelden ved datamaskina...stakkar amerikafrelste meg!Dette er jo heilt proffe nissar,det vert meir "ola nordmann" over amatørnissane til Nikoline.
Forstår de har ein del ballast med i livet de også, det var gripande lesing i innlegget ditt her.
Ha ei god helg!