tirsdag 18. november 2008

Dalmatiner... anyone??

Attention all ladies!

Tid for å dele ut denne søte "award'en"
Då vil eg starte med å gi den til ei dame eg beundrar på fleire måtar...
Nikoline , denne skal du få, for kvar gong du legg inn noko nytt vert eg sitande i stum beundring over alt du lagar! Du føre penselen så ein skulle tru du aldri hadde gjort noke anna!
Sjeldan har eg sett så vakkert handarbeid!! Nyyyydeleg!
Eg håper ein dag å kunne være eigar av noko du har lagd, håper du gjer det til en realitet å selge produkta dine ifrå bloggen!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Den neste er Tove , som skriv så mykje fint, har stor omsorg for vennane sine, og familia si... og ikkje minst har eit utruleg overskudd til det meste!! Ofte har eg lagt merke til at ho har ikkje berre eit nytt innlegg men gjerne to på same dag.
Stå på Tove!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så vil eg at Tonje skal få ein slik ein... ho har vore kjekk å ha ein del gongar... då ho har budd i eit engelsk-talande land i 9 år, har eg tydd til ho når eg har stått fast. (om det er noko eg har trengt å oversette) Og så har ho vore så snill å gi meg eit godt julegåvetips
(say no more ;-) )!!
Takk Tonje!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så skal Cecilie min gode nabo få ein også... i sitt siste innlegg fortalde ho om "monstermamma" som ho av og til føler seg som, og kva kan vel smelte eit monsterhjerte meir enn ei søøøøt liten dalmatiner?? Syns du klarer deg godt Cecilie!! Litt utløp for frustrasjon må ein berre rekne med!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
I og med eg har fått denne to gonger deler eg like godt ut dei fire neste med det same....
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då skal Anne Grethe få ein av meg, fordi eg må innrømme at eg beundrar overskuddet til denne dama... ho har tross alt ein forholdvis ny-oppussa heim, 4 ungar og mann å ta seg av, likevel strikkar ho dei flottaste ting, lagar masse deilige kaker osv.
Du er flink må eg sei!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Astrid skal få den neste, då ho har hatt slike deilige innlegg.... denne dama kan å leve seg inni livet for å sei det sånn!! "DANCE like no one's watching!" osv. Eg har kosa meg mong ein gong når eg har lese det ho har skreve.. vi kjenner ikkje kvarandre- eg og Astrid, men håper likevel at vi kan bli litt kjendt etterkvart!??
kven veit??
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Ellinor .. du skal også ha ein slik ein.. det var overraskande og kjekt å finne deg der ute i "verda"... her fekk eg også eit flott julegåvetips ifrå, og det set eg stor pris på.. får berre håpe eg får det til Ellinor! ;-) Denne dama lagar utruleg mykje fint!!
Stikk innom og sjå!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
den siste dalmatineren vil eg gjerne overføre til min engelske versjon, og dele ut til ei dame eg har vorte så glad i... (eg har ein engelsk blogg óg, kik gjerne innom)! link to my english version
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då får de ha ein retteleg fin dag alle sammen!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•

7 kommentarer:

Astrid sa...

TUUUUSEN TAKK MONICA!!!
Takk både for den skjønne Dalmatiner-utmerkinga, og ikkje minst for dei fine orda:)
Det er så kjekt å verte kjende med nye folk "her inne"!
Trudde eg hadde deg på blogglista mi...no skal eg iallefall sjekke at du ligg der:)
Ha ein fin tirsdag!!

Turid sa...

Ååå du er bare SÅ skjønn som skriver så mye fint! Takk skal du ha! Jeg blir helt rørt skal du vite! Ja du skjønner vel at jeg sikter til "takketalen" i forrige innlegg. Her kommer de jo innleggene på løpende bånd...
Ha en flott ettermiddag!

Tenker dere har Lexi i mange år ennå, så ung og sprek som hun er!
Kjempeklem :)

AnneGrethe7 sa...

Ååå...kor kjekt!!! Tusen takk for utmerkinga og for fine ord, tek med meg dalmantineren og legg han på sida mi:)

Ønskjer deg ein fin tysdagskveld i ruskeveret!!

Klem

Anonym sa...

Heisann. Kjmpe kjekt å få en Award, da veit eg at andre setter pris på bloggen min og det og sysler med :) No skal eg bli ferdig med et par Nissa til Lotteriet til Husflidslaget. Har akkurat komt fra jobb, og vi skal ha laaaangdag i morga også, så tida vert litt knapp innimellom alt det eg skal ha ferdig til Messe og lotteri...
Tusen takk Monica for Awarden.
Klem fra Ellinor :)

Tonje sa...

Tusen takk skal du ha. Dette setter jeg pris på! Bare hyggelig å hjelpe til med oversetting og julegavetips. Har selv fått oppskrifter og hjelp fra andre bloggere... så det skulle bare mangle at jeg ikke skulle dele den (lille) kunnskapen jeg har...;)

Besta sa...

Tusen takk for komentaren. Jo jeg har melodi på begge sangene. Klem

Nikoline sa...

Det er ikkje så ofte eg mistar både munn og mæle, men det gjer eg her og no... Eg får summa meg såpass at eg seier 1000,1000 TAKK for awarden og ikkje minst dei rosande orda!!!! Eg vert som sagt i beit for ord her,for dette er den finaste omtalen eg nokon gong har fått! Det er nesten så det kjem ei tåre i augekroken..
Eg seier berre endå ei gong TUSEN TAKK kjære deg!