tirsdag 28. oktober 2008

Den fyste snøen



Eit under hende stilt i natt,
vi sov og det har snødd.
Og alle vegar grodde att
der alle folk har trødd

•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•

Vi trør og trør, men sjå om litt
er faret grødd på ny,
og jorda ligg i nysnøkvitt
i første gråe gry.


Halldis Moren

1 kommentar:

Astrid sa...

Heisann!
Eg kom på at eg ikkje har takka for kommentar som du har lagt att på bloggen min.
Det har aldeles ikkje vore meininga, det er vel det at eg ikkje er flink nok å gjere det der og då når eg les kommentarane...skjerpings Astrid!:)

Koseleg blogg du har! Eg las nettopp det rørande innlegget ditt under her...sterkt og personleg! Det er så trist når slike ting skjer, det er så endeleg, ein kan ikkje gjere om på det, livet må gå vidare, så sit ein att med ein brodd i hjartet med smerta over den ein hadde kjær som ikkje er her lenger...
Varme tankar frå meg til deg!