lørdag 14. februar 2009

♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥ ♥

 

862d9b5e13c64d94187a4a0ae3c838ee1908d3cc

Warm%20Heart

valentines_day_cards_15

Valentine%20day%2063

 azk14-valentine-heart1

“Happy Valentines day” mine venner!

klem, Monica

torsdag 12. februar 2009

Litt kjøkken……..

Tenkte de kunne få sjå litt av kjøkkenet mitt… eg likar å ha det litt “oldfashioned”..

Så her finn de ein fin blanding av nytt og gammalt…

Og så er eg veldig glad i smijern.

007 

Denne delen av kjøkkenet ..(bildet nedom)  er “grua” mi.. her tenkte eg å få til noko som skulle likne på ein gammeldags “grue”…

For å få det til måtte vi få ein gammal snekkar til å lage “viftehatten” til oss..  han gjorde ein flott jobb.. og vi fekk det som vi ville :-)

001

Her likar eg meg veldig godt faktisk.. det skulle berre ha vore dobbelt så stort.. men planen om å bygge på er ikkje lagt heilt på hylla endå.. den dagen kjem nok!

lørdag 7. februar 2009

♥ ha en fin morsdag! ♥

 

RoseLine3

da mødre ble til, var tanken ganske klar.

for mødre har noe i seg, som ingen andre har.

de øser av sin omsorg, og deler alt de vet.

de viser deg at livet, er håp og kjærlighet.

derfor har vi mødre, og dersom du spør meg,

den beste mor i verden, det er nettopp deg!!!

RoseLine3

Til alle mødre der ute

Ha en herlig morsdag i morgon!!

tirsdag 3. februar 2009

Rotekopp og soloppgang…. ;-)

Morgontimane i dag var minneverdige… så eg fann fram kamera og knipsa eitpar bilder….

017

 måtte zoome inn på fjellet til venstre på bildet over.. for det såg så lekkert ut..

018

Det er nemlig her sola kjem opp kvar morgon.. og er ein heldig nok å være heime ein slik dag.. så er det berre eit vakkert syn… denne utsikta har eg frå kjøkkenvinduet mitt…

Men eg har eit lite vindu til.. det er over vasken.. og ut igjennom det ser eg stort sett ingenting.. berre vegen oppom huset… vi har eit overbygg utanfor dette glaset, som gjer at utsikta oppover mot fjella er stengt.. men , men.. det gjer ikkje så mykje.. eg har utsikt overalt !

Men over vasken har eg hengt opp noke eg var så heldig å få kjøpe med Nikoline

Sidan den hadde ei så fin oppskrift, så fann eg ut at den passa best på kjøkkenet… denne rotekoppen min :-)

 022

Eg manglar ei list over flisene der.. men pytt,pytt.. den kjem nok …

 019

Er ikkje den vel lekker?? Eg likar den sååå godt Nikoline… den er berre heilt passande her hos meg.. Eg er veldig glad i slikt. og dette kan vel også kallast kunst… det er no egentlig eit maleri på eit litt anna lerret!! :-)

021

Sjå berre dei flotte detaljane på desse koselege hønene… heilt nyyyyydelig!!

Takk for at eg fekk kjøpe den av deg Nikoline!

mandag 2. februar 2009

NY utfordring med ny vri…

Eg har vorte utfordra endå ein gong til å vise bilde nummmer 6 frå mappe 6 osv.

No bestemte eg meg for å berre flytte det til neste mappe og neste nummer…

dermed endte eg på DETTE bildet

sommarferien 06 158

..som de ser er dette Dæhlei hotel i Lilleelvdal

DETTE bilde har ei artig historie..

Sommaren 2006 hadde eg lagt opp ein tur som eg håpte skulle bli fin… vi kjørte til Dombås fyste kvelden… overnatta i ei hytte der.. neste dag vidare over Dovrefjell.. stoppa innom Dovregubbens hall osv. MEN no er det sånn at når ein kjem til neste dalsøkk.. så kjem ein til Foldal , Alvdal og Tynset.. og eg hadde fått visst at like før Alvdal skulle der være ein plass som heitte Lilleelvdal.. og der er min tippoldefar ifrå…(ein av dei) Vi stoppa innom kvar ei kirke på vegen, for å sjå på kirkene og gravstøtter osv. til alle andres fortvilelse…  :-) hehe

Eg hadde jo lyst å finne slekta…

Vidare skulle vi til Røros og sidan ein tur innom Sverige og så tilbake til Alvdal… Der skulle vi innom Aukrust senteret….

Hadde leigt oss ei hytte på ein gard her, hytta viste seg å være eit over 200 år gammalt hus

sommarferien 06 164

FINT?? Sjarmerande va det i allefall :-)

OG eg må berre sei.. det vi fekk oppleve i denne bygda var berre fantastisk!!! Aukrustsenteret var ein flott opplevelse.. vi såg film om Aukrust og figurane hans, oppfinnelsa og masse kjekt som ungane kunne holde på med.. sidan var vi oppom kirka og utfor kirkeporten stod denne

sommarferien 06 132

OG inne på kirkegarden fann vi gravsteinen til Kjell Aukrust.. den var noko av det mest sjarmerande eg har sett..  og på støtta stod der nokken ord som vi hadde høyrt Ludvig seie på filmen tidlegare den dagen

sommarferien 06 135

Så jordnær og flott…

Vi fann ein Ranch like ved der vi “campa” .. det viste seg at eigaren av denne lille cowboy landsbyen var ein kjend forfattar.. han inviterte oss inn i tavernaen sin og vi kjøpte bok som vi fekk signert.. det heile var egentlig ganske fantastisk.. og boka handla om ei av hans livs største opplevingar… det å temje ein mustang!

Anyway…. Eg snakkar meg visst vekk frå BILDET…

Vi var inne på ein kiosk og spurte KVAR i all verden ligg Lilleelvdal.. som vi ikkje hadde klart å lokalisere på turen vår… DÅ fekk vi vite at Lilleelvdal faktisk heitte ALVDAL i dag…  Så min tippoldefar kom frå Alvdal, men jobba i gruvene i Foldal.. JIPPI.. eg hadde funne ut noke i allefall..

SÅ var det at vi var innom restauranten i Alvdal og kosa oss med kaffe, is og brus… på veggane der hang masse gamle bilder.. og dette var då eit av dei.. legg det inn en gong til..

sommarferien 06 158

i tilfell de hadde gløymt det ;-)

HER var beviset.. ikkje berre det, men også at hotellet heitte Dæhlei var litt vittig.. for eg er nemlig i slekt med Bjørn Dæhlie….

Men akkurat då eg skulle til å røyse meg ut av stolen for å ta bildet.. som hang ganske høgt på veggen.. kom der ein mann med to unga og satte seg der… rett under bildet…

Ikkje berre var det nokon som ville tru eg stod der og ville ta bilde av DEI.. men mannen var faktisk Oddvar Brå!!!

SHIT! no kunne eg i allefall ikkje ta bilde.. vi var nøydde å vente til han gjekk.. eg kunne no ikkje ta bilde over hovudet på ein kjendis heller!!! Då ville han vel vorte fornærma enten eine eller andre vegen… hehe!!

MEN eg fekk tatt bilde til slutt då ser de… og med litt ny kunnskap på kjøpet! :-)

torsdag 29. januar 2009

Hahahaha!! ;-D

Hehehehe!!

Dette bilde kom eg over på ein blogg i statane… ikkje at eg var i statane, men bloggen var det! ;-)

Med teksta.. Eg lurer på kva for ein bås MIN  mann ville ha valgt!?

11

(trur det skal gå å klikke på bilde for ein større versjon)

Eg kunne ikkje anna enn å le… synes dette var hysterisk festlig!! hahaha!!! OG eg må sei meg imponert over dei som har kome med denne idèen.. knallgod! :-) ……eller??

mandag 26. januar 2009

6x6 .. .♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

Har fått ei utfordring frå Turid.. som går ut på å gå til bildemappe nummer 6.. og finne bilde nummer 6 og fortelle litt om dette..

ja.. skal vi sjå…

geiter i veien

dette vart bildet eg havna på… og dette er det  vi ofte ser når vi køyrer til og frå Bergen… Desse skjønne geitene går og beiter på E39 mellom Byrkjelo og  Skei..

Dei er overalt, og bryr seg ikkje så voldsomt om at det kjem ein bil i ny og ne.. kan være det er noko snadder å få(?), så dei er vel egentlig meir nysjerrig enn noko anna…

Eg for min del synes dei er flotte dyr.. og når dei har så mange fine fargar og, så er dei ekstra vakre!!

Bilturen langs E39 er vakker.. og til tider litt skummel(!!).. der er så monge høge fjell.. og rasfaren er stor… men har du sjangsen, så anbefalar eg ein tur langs denne ruta (som sikkert dei fleste av dykk har køyrt) for der er så mykje fint, og sterke naturopplevingar.. Jølstervatnet er berre nyyydeleg ein sommarsdag… KALDT, men forfriskande dersom du torer å dyppe stortåa uti ;-)

Og fjella er så majestetiske og vakre når ein kjem lengre nordover…

Og naturen her er utruleg vakker og variert!!

TA DEG EIN TUR DÅ VEL!!

Denne utfordringa sender eg vidare til:

Veronica

Cecilie

Dagny

Marit

Besta

Ida Mari

Lykke til!

lørdag 24. januar 2009

♥-lig TAKK !!!!

Eg er så heldig … eg har fått heile TO utmerkingar frå Tofo som du finn her:Tofo sin familieblogg. !!!

OG det er ikkje kva som helst slags utmerkingar heller…. synes dei var kjempefine!!!

award29_thumb[1] frå Tofo

Frå Tofo

ikkje sant??

OG det varma eit bloggar-hjerte stort når slike flotte utmerkingar finn vegen inn på sida mi….

TUSEN ♥-lig TAKK TOFO!!!!!

DENNE:

award29_thumb[1] frå Tofo

vil eg gje vidare til

Ellinor

Tonje

Ida Mari

OG DENNE:

Frå Tofo

Vil eg gje vidare til

Trollkåno

Marit

Dagny

Monica

Alle andre har og fortent ein slik.. eller rettare sagt begge, men eg synes det er triveligast når det er BESTEMTE personar som får tildelt ei oppmerksomheit…

Sidane desse to kom “i hus” har eg også fått ei utfordring.. men den vel eg å ta på neste post :-)

Lid litt av “bloggers-block” for tida.. hehe

Ka i all verden skal ein skrive om ?? OG så har eg nettopp fått tildelt kreativ blogger award’en …. hehe.. JAU , eg skal nok klare å kome med noke nytt … har mykje som eg tenkjer på, men det kjem ikkje sånn heilt av seg sjøl.. ting må tenkast over og planleggast litt i mitt hovud…. hehe…

Ellers så skal eg denne helga ha FRI !! Jippi!!, og eg gler meg stort over å få være heime ilag med mann og unga, og slappe av litt, og også å få gjort litt rundt ikring i huset… det gjer seg visst ikkje sjøl… (sukk!)

Har så mykje eg har lyst å gjere.. men det krev store innkjøp av diverse.. og då sit eg att med dei tinga eg IKKJE har sååå lyst å gjer.. som vanlig husarbeid… (2xsukk!)

MEN, men… skal vel få gjort det som trengst!! :-)

HA ei fiiiin helg alle sammen!

tirsdag 20. januar 2009

Vi har ei bursdagsjente i dag! :-)

♥ Lexi 6 år ♥

L

Kosa i gamle-sofaen

Lexi 007

ute og kika på ungane

Lexi 018

 Ny sofa til folket, og en til hunden.. no er det slutt på sofalivet oppe i høgda..  men denne var no fin vel??

IM000086

Legg meg for å posere, men eg er ikkje så glad i blitz, så eg berre snur meg vekk og ser på noken andre så lenge…

IMG_0068

ja,ja, uten blitz går det no greitt.

IMG_0204

fekk meg ramme i julegave frå USA.. og det passa godt, for eg hadde vore med folket mitt til fotograf, og Martha tok bilde av BERRE MEG!

IM000108

Ok då.. sidan du masa sånn, så får du få eit bilde av meg der eg ikkje ser vekk…

januar 09 016

Eg har ikkje fått kake eingong i dag!! Det er jammen forskjell på folk og dyr!!!

MEN,men kanskje eg får noko ein anna dag!!!??

♥ KOS-MED-MEG ♥

♥ LEXI ♥

Ein dag for historiebøkene…

vwvwvwvwvwv

I dag skriv USA historie

Og eg vil berre markere dagen her på bloggen min..

123

vwvwvwvwvwv

USA får ny president i dag….

Det er spennande å sjå korleis dette går, og eg håper at han må klare seg godt!

Eg set min lit til at han har mykje nytt og godt å kome med i tida framover.

Og vil med dette ønske USA lykke til i tida som kjem!!

vwvwvwvwvwv

123456

vwvwvwvwvwv

søndag 18. januar 2009

fire x fem….

Eg har fått ei utfordring frå Tove

Artig utfordring.. men veit jammen ikkje om eg klarer å fylle ut alle svara..

4 favorittprogram på TV

pton12l

Ekstrem oppussing USA

60 minute make-over

Lisa Williams

Åndenes makt

.♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

4 ting eg gjorde i går

untitled

sov lenge

var på jobb

kom heim til herleg burger middag laga av mann og barn :-)

kosa meg ilag med familien

.♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

4 ting eg ser fram til

looking_forward_illustration

våren og sommaren

Ein ferietur

Pusse opp litt i heimen

bygge på slik planen er… (ein vakker dag)

.♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

4 favoritt restauranter

Her har eg vel samme problem som Tove.. vi har ikkje så alvorleg monge å velge i her i Ørsta.. men eg likar likevel best kinarestauranten av dei vi har her i bygda... god mat og kjekke folk.

.♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

4 ting på ønskelista mi

test_template_center_wishlist-569x358

at vi får være friske

at dei som har myst ein av sine må klare seg godt

ein tur til USA

Å få gjort alt eg har lyst til her heime

.♥.•*¨`*•♫.•´*.¸.•´♥

JA.. men då var eg faktisk ferdig… Jippi! :-)

Då sender eg denne vidare til

Trollkåno

Besta

Marit

Turid

Nikoline

Monica

Veronica

Ha ein fin dag alle sammen…

torsdag 15. januar 2009

Vi har å gle’ oss til :-)

Fekk litt vårstemning i dag..sola kom fram og det var snø og litt kaldt, men slik er det også ofte om våren… og så kom lengten etter sommar…

Og for meg er sommar synonymt med denne songen.. her i en forfina versjon… DEN under er den ekte.. og er den som minner meg om sammarferie, tur og sol..

Ta deg tid til begge… herlig å tenke på kva vi no går i møte…

 

HA EIN FIN DAG ALLE SAMMEN!!

mandag 12. januar 2009

Sjå på dette……

I dag har eg rydda vekk jula… og alt går oppi denne gamle kista som eg har vore så heldig å ha fått med mormor’a mi ein gong.

kiste 007

kiste 008

Den e gammal og ikkje så veldig fin, men den er akkurat fin nok for meg, og den har vore min tipp-tipp-oldefar si kiste

Han heitte Elias K. Jakobson K. og som de ser på årstalet frå 1861.. så er denne kista ganske så gammal…. eg veit sjølsagt kva k’ane står for.. men det er mindre viktig her…kiste 001

MEN sjå på dette mine venner…

kiste 015

HER står det faktisk 1809! sant?

Som betyr at denne kista faktisk er 200 år gammal!

Og då går vi så longt tilbake i tid at mi og Finn si familie faktisk var den samme ;-)

DET ER HEILT SANT!!!!

Broren min som er intressert i å granske slekt har faktisk funne ut at eg og Finn har samme tipp-tipp-tipp-tipp oldefar…kiste 022

Og han heitte Mads Johannesson.. og som de ser oppe til venstre på bildet.. så står der faktisk MJ… men på høgre side står det også SK.. og det har eg enno ikkje funne ut av, men kanskje er det initialane til ho han var gift med?? kven veit?

Ja,ja… uansett så er denne kista bokstavlig talt ei skattekiste for meg.. og i denne legg eg altså all julepynt (mesteparten i allefall) og eg likar veldig godt fargane også… den passar såå godt inn her med oss, og vi er veldig glad for å ha denne skatten.

Ha en fin dag!