torsdag 27. november 2008

Ei utfordring…

Eg har fått ei utfordring frå Nikoline…..

Slike eg forstår det skal eg skrive 7 ting om meg sjøl… og så skal eg vidare sende utfordringa til 7 andre som det hadde vore kjekt å få vite litt meir om..

cat_lion_perceptionSM3

JA, men då er det vel berre å sette i gong og tenkje…. hmmm.

#1 Eg er yngst av tre sysken, og vaks vel nesten opp som enebarn, då begge syskena mina var endel år eldre enn meg (med 6 og 8 års forsprang)

gamle dager 004mej

#2 Som 12 åring vart eg tante for fyste gong.. til Veronica, som var døv… og då var det berre å legge seg i hardtrening og lære seg teiknspråk. Veldig artig å kunne dette, sjøl om dei no bur i Bergen og eg ikkje får øvd så mykje, men eg møter av og til på døve i jobben min, og får øvd litt då.

signlanguage

i_love_you

#3 Eg har vore utvekslings student i Minnesota… Det vart eit år med monge opplevelsar… og eit av dei mest tragiske åra i mitt liv, då faren min døde 2 månedar etter eg var komen dit.. så eg måtte heim ein tur, før eg reiste tilbake og fullførte året som sidan gav meg monge uforgløymelege minner og ei ny familie som eg set stoor pris på.

minnesota

#4 Eg har vore Au-pair i California… passa tre skjønne ungar som eg no har møtt igjen som vaksne gjennom facebook :-)  teknologiens verden er kjekk den til tider… Då eg var i California var det same året som det store jordskjelvet der borte fann stad.. OG eg kan skilte med at “ I survived the 7,1 earthquake in San Francisco” …

275px-Car_Crushed_Under_Marina_Apartments

#5 Eg har budd i Bergen i mange år, og har mange kjekke minner derifrå.. jobba som dagmamma, og gjekk på skule om kvelden, OG eg var badevakt på Hunstad skule for døve.

image_only_black_red

#6 Eg var allergisk mot alt som hadde pels då eg var lita, og så eg då, som elskar dyr!!! Og eg fekk aldri ete peanøtter og mandarinar osv.. det som er det beste eg veit… tragisk!! Heldigvis vaks eg det av meg, og har no huset fullt med både mandarinar og dyr ;-)

Det visste dei ikkje då dei tok dette bildet vil eg tru…

gamle dager 004mej

#7 Eg elskar å reise, og har som sagt budd i USA i to år.. har vore innom desse statane : Minnesota, New York, Iowa, Wisconsin, Illinois, North og South Dakota, Montana, Wyoming, Nevada, Oregon og California…. og eg har vore i England, Italia og Spania, Sverige og Finland og håper å få reise en god del meir før eg gir meg!! :-)

usaMAP

OG då var det det å sende denne utfordringa vidare….

Cecilie i frå  Kvardagsliv

Besta i frå  BESTAHJEMMET

Tofo i frå Tofo sin familieblogg.

Ronille i frå Ronille sin blogg om Troll og hobbyane mine.

Tonje i frå  A step in the right direction

Veronica i frå  Vero`s lillehjørne

Anne Grethe i frå The world of Sandnes

Håper de tek utfordringa på strak arm!!! :-)

Lykke til alle sammen ! :-) Det er no litt kjekt!!!

Gustav Klimt… litt av en kunstnar..

 Klimt er en kar som eg har litt sans for…. Eg er nokså facinert av enkelt kunstnarar, men denne karen har mange bilder eg gjerne skulle ha vore eigar av…. Mmmmm sjå berre her:

1750-4365~The-Kiss-Posters

G

gustav_klimt_the_kiss_2_large 

Gustav-Klimt

klimt-gustav-die-jungfrau-7600122

klimt21

21_KLIMT_MOTHER_CHILE

Her er noken som har latt seg inspirere.. lekkert??

Kattaca-LeEsenciadeKlimt

 hadde ikkje du også ønskt å kunne ha eitt eller to av desse vakre bilda på veggen din??

tirsdag 25. november 2008

Oh my goodness!!!

Ei tid tilbake fekk eg ein nyyydeleg “award” som eg har satt stor pris på…  “goodness award”.

Eg har no delt den ut på min engelske blog, der den høyrer heime, men eg har spart på ein, som eg ville dele ut her, til ei godhjerta dame eg synes fortener tittelen …

Denne nydelege tittelen og awarden går til Astrid! Frå eit A4-liv...

Bloggy-Goodness-Award2

Denne får du gi til 6 damer du synes er godhjerta Astrid :-)

Ha ei flott veke!!!

mandag 24. november 2008

Vinteren er her…

Så kom snøen….

mmmm 019

Litt brått og uventa vart kvardagen snudd til eit “winterwonderland”… Det kom så mykje snø på ein gong at det var uråd å opne andre dører enn ytterdøra, som er under tak. hehe

mmmm 021

Men kor KJEKT det vart for dei “små” no når det gjekk an å gå ut og halde på med noke ute i snøen..

Snølykt

Sjøl hadde eg ordna meg med fine roser til helga, for å kose meg/oss litt ekstra ;-) hehe..

mmmm 002

Fekk for meg at ei av dei berre MÅTTE uti snøen en tur.. har liksom aldri sett ei rose som stikk opp av den kvite snøen.. det var no litt poetisk.

mmmm 018

Ellers vert eg så fascinert av snø når det vert skikkelig kaldt, og alle dei flotte snøkrystallane skin i lyset som fell på dei.

003

005

Ha ei flott veke alle sammen!

*¨*.¸¸¸¸.*¨*

tirsdag 18. november 2008

Dalmatiner... anyone??

Attention all ladies!

Tid for å dele ut denne søte "award'en"
Då vil eg starte med å gi den til ei dame eg beundrar på fleire måtar...
Nikoline , denne skal du få, for kvar gong du legg inn noko nytt vert eg sitande i stum beundring over alt du lagar! Du føre penselen så ein skulle tru du aldri hadde gjort noke anna!
Sjeldan har eg sett så vakkert handarbeid!! Nyyyydeleg!
Eg håper ein dag å kunne være eigar av noko du har lagd, håper du gjer det til en realitet å selge produkta dine ifrå bloggen!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Den neste er Tove , som skriv så mykje fint, har stor omsorg for vennane sine, og familia si... og ikkje minst har eit utruleg overskudd til det meste!! Ofte har eg lagt merke til at ho har ikkje berre eit nytt innlegg men gjerne to på same dag.
Stå på Tove!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så vil eg at Tonje skal få ein slik ein... ho har vore kjekk å ha ein del gongar... då ho har budd i eit engelsk-talande land i 9 år, har eg tydd til ho når eg har stått fast. (om det er noko eg har trengt å oversette) Og så har ho vore så snill å gi meg eit godt julegåvetips
(say no more ;-) )!!
Takk Tonje!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Så skal Cecilie min gode nabo få ein også... i sitt siste innlegg fortalde ho om "monstermamma" som ho av og til føler seg som, og kva kan vel smelte eit monsterhjerte meir enn ei søøøøt liten dalmatiner?? Syns du klarer deg godt Cecilie!! Litt utløp for frustrasjon må ein berre rekne med!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
I og med eg har fått denne to gonger deler eg like godt ut dei fire neste med det same....
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då skal Anne Grethe få ein av meg, fordi eg må innrømme at eg beundrar overskuddet til denne dama... ho har tross alt ein forholdvis ny-oppussa heim, 4 ungar og mann å ta seg av, likevel strikkar ho dei flottaste ting, lagar masse deilige kaker osv.
Du er flink må eg sei!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Astrid skal få den neste, då ho har hatt slike deilige innlegg.... denne dama kan å leve seg inni livet for å sei det sånn!! "DANCE like no one's watching!" osv. Eg har kosa meg mong ein gong når eg har lese det ho har skreve.. vi kjenner ikkje kvarandre- eg og Astrid, men håper likevel at vi kan bli litt kjendt etterkvart!??
kven veit??
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Ellinor .. du skal også ha ein slik ein.. det var overraskande og kjekt å finne deg der ute i "verda"... her fekk eg også eit flott julegåvetips ifrå, og det set eg stor pris på.. får berre håpe eg får det til Ellinor! ;-) Denne dama lagar utruleg mykje fint!!
Stikk innom og sjå!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
den siste dalmatineren vil eg gjerne overføre til min engelske versjon, og dele ut til ei dame eg har vorte så glad i... (eg har ein engelsk blogg óg, kik gjerne innom)! link to my english version
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•
Då får de ha ein retteleg fin dag alle sammen!!!
•*¨*•.¸¸❤¸¸.•*¨*•

Smiiiiil !! :-)


Å, no har eg så mykje å takke for,
Besta gav meg ein nydelig award, som eg set stoor pris på, og det berre fordi eg var ein av dei som var inne og kommenterte denne nydelege lissje karen..
tusen takk Besta!

Så fekk eg denne av Veronica, min niese, fordi ho synes eg skriv så fint her i bloggen min, og fordi ho synes eg er ei super tante!! :-) (smiiil) Tusen takk Veronica!

OG i kveld fekk eg ei kjekk melding frå Tofo om å kome innom henne, og der låg denne nyyydelege karen igjen, og ho skriv: "Jeg vil gjerne gi den videre til Monica, En koselig bloggvenn! Hun har en flott blogg og så oppdaget vi tilfeldigvis at vi har felles kjente! Takk Monica for alle de fine ordene dine!!!"
Ååå.. en kan bli rørt av mindre mine venner... Tusen takk alle tre!!
Må tygge litt på kven eg skal gi desse vidare til...
må nesten dele det opp i fleire innlegg. :-)
No var eg vel heldig!!!!
Tuuuusen takk til Besta, Veronica og Tofo!!!
stoor klem til dere alle tre!

lørdag 15. november 2008

Eg er vel søt... sant??


Møt LEXI

Ho er vår Cavalier king Charles spaniel
har vorte 5,5 år og er verdens søtaste, snildaste og raraste hund.
Ho er en av ungane... vil helst være ilag med dei heile tida,
snorkar når ho søv godt, drøymer og er kveldstrøtt.
E fyst til døra når noken kjem, og er glad i ALLE!!
Favoritten er likevel farfar, Dåååå kosa ho seg veldig, når ho får sitte på fang, då kan ho berre ikkje kome nær nok! (skulle ha vore filma)...dokke vil ikkje tru dette vesenet kor herlig ho er til tider.

E ikkje ho vel skjønn??
Ha ei fin helg alle sammen!


tirsdag 11. november 2008

Å for ein herleg dag!!!

Åååå for en herlig dag!!!
He du sett.. ikkje ei sky på himmelen, masse sol og alt e berre supert.... (sett bort ifrå vindua/vindauga mine, som ej ser hadde trengt seg ein vask :-( )


I dag har eg hatt fri, og har berre kosa meg...

har vore på shopping og kjøpt julegaver til mine kjære i USA.
Ikkje så enkelt å finne noke "urnorsk" lengre...
alt er så amerikanisert, og ingenting er laga i norge... hm
Men eg fann noke til slutt og er veldig fornøgd...
no gjenstår det berre å få pakka det inn og sende avgårde, det gjeld å være tidleg ute skal det kome fram i julerushet


lørdag 8. november 2008

Tildeling av "award"

Så monge vakre damer å velge mellom


MEN.. ej skal vel klare dette...

Den fyste som skal få dekorere bloggen sin er Veronica (min niese), fordi det var hennar blogg som gjorde at eg starta min... då vi bor så longt ifrå kvarandre.


Så vil eg at Camilla (niese) også skal få ein, då ho av same grunn gjorde meg til ein bloggar
henne finn de på : http://dragepus.blogspot.com/

Begge desse jentene er døve, og har berika livet mitt heilt frå eg var ganske lita.....


Så vil eg gi den tredje til Dagny ... fordi ho tok så vel imot meg, og så er vi gamle klassekameratar, og ho er ei dame eg har lært meg å sette stor pris på siste tida (siste tida fordi vi knapt har sett kvarandre sidan russedagane i Volda)... Ho skriv vakkert og eg lever meg inni korleis ho har det.. ser henne for meg kor ho jobbar i hagen og i huset.... OG eg blir så imponert av og til, at eg nesten får lyst å ta meg ein tur innom der ho bur, berre for å sjå... ;-) hehe
henne finn de på : http://d-heim.blogspot.com/


OG den siste vil eg gi til Turid viss blogg eg var innom her ein kveld.. og sjøl om eg sat her mutters åleine, så vart eg sittande å le høgt :-D haha.. ho har heilt tydelig ei god evne til å skrive med ein humoristisk undertone.. det er ikkje alle forundt, så denne bloggen vert nok flittig besøkt av meg..
henne finn de på : http://tofo-tofo.blogspot.com/


DENNE ER TIL DEI FIRE VAKRE DAMENE:


Tusen takk Cecilie!.*.* .♥¸.•'`♥ƸӜƷ

Oppdaga at ej hadde fått tildelt ein "award" i dag..
TUSEN TAKK CECILIE!

La mej fortelle om Cecilie...

Då vi flytta inni heimen vår, så flytta vi inn i eit gammalt "byggefelt", og vi hadde ikkje særleg monge naboar på vår eigen alder, sjøl om alle naboane våra er veldig kjekke folk, som vi kosar oss ilag med, spesielt om sommaren når alle er utandørs.
(om vinteren går vi litt meir i hi)

Så ein dag døde vår eldste nabo, og huset vart solgt!

Før vi visste ordet av det kom ei familie inn der og begynte ei oppussing eg sjeldan har sett maken til... det gjekk radigt og fort føre seg, og om ikkje så lenge var dei ferdige og heile gjengen flytta inn. Dette viste seg å være Cecilie og hennar familie...mann og tre ungar. det vart stor stas må dokke vite.. våre ungar fekk nokon å "henge" ilag med utandørs, og eg og Finn fekk to kjekke vaksne på vår eigen alder å snakke med.

Det har vorte mong ein tur "over gjerdet", kike litt på prosjekt dei har hatt gåande, grilling, festar eller berre ein prat om laust og fast.. rett så koselig vil eg seie.

Eg set pris på naboskapet og vennskapet vårt, og er glad for å ha dokke/dei som ein av våre næraste naboar!!!

Takk igjen for denne:

Så var det vel noke med å gi denne vidare til andre bloggara..
det må eg sove på
(bokstavleg talt, for det er seint og eg er trøtt)

torsdag 6. november 2008

Min beste venn ♥

Å så sentimental

MEN når sant skal seiast, så er det vel slik det er.
Vi har det fint ilag, er vidt forskjellige, men likevel så like, det siste trur eg faktisk vi har vorte gjennom åras løp... lært oss kvarandre sin stil og smak. Vi har budd litt her og der, og flytta frå den eine plassen til den andre, men det va her vi ynskte å bu, og skjebnen gjorde vel sitt for å hjelpe oss akkurat hit. Her er vi heime, og her skal vi med tid og stunder få det slik vi vil ha det, det er forsåvidt ei evig oppussing.. det er så mong ein idè ein får.. på den måten er eg vel litt håplaus... ...eller ikkje, det kjem vel an på auga som ser.
DÅ vi starta med å pusse opp dette huset, som var Finn si farmor sitt hus, så levde ho "Begga" som ho vart kalla, men var ikkje heilt i form og hadde flytta ned på sjukeheimen. Ho hadde sine tankar om kva ho alltid hadde ynskt seg å få gjort med huset. Ho ville blandt anna ta vekk veggen mellom dei to stovene, og sette i småruta vindu/vindauge....
dette gjorde vi, og når vi besøkte henne på sjukeheimen og fortalte om framskritta så slo ho saman hendene og lo og kosa seg... og gledde seg storvegs til å få kome opp og sjå.
Desverre vart ho sjuk(are) og sengeliggande, så den gleda fekk ho aldri, og ikkje vi heller. Bittert! MEN sånn er no ein gong livet!!!
No har vi snudd huset både ut og inn og endevendt alle rom, pussa og gnikka, mala og tapetsert, pussa oppatt ein gong til , snikra og stått på.... Bytta bordkledning, mala huset to gonger, og hagen har fått grundig overhaling heile tre gonger... så det står ikkje på.. vi har nok å gjere. Og endå så er vi ikkje i mål.. dei største prosjekta våre har vi ikkje satt ut i livet endå, men det kjem nok, når tida er inne..... og det gled eg meg til!!! DER er vi like, eg og Finn, vi elskar å pusse opp.
Derimot er eg litt låst i fargane mine... har veldig spesielle tankar om akkurat slikt... (sjå innlegget om mine favorittfargar) eg synest at det er fint med lyse fargar heime med andre, men det går berre ikkje når det er eg sjøl som skal leve midt oppi det... eg trivest ikkje....... ja,ja, det er no ikkje verdens undergang det heller.
Finn ser ut til å være ganske einig med meg, men akkurat der er eg ikkje heilt sikker på om han seier kva han eigentleg meiner, eller om han vel dei fargane eg liker... i begge tilfelle, så må eg berre sei at han gjer meg veldig glad!! hehe
Både Finn og eg har opplevd mykje i våre liv (før vi møttes), eg hadde opplevd eitpar tragedier, og han hadde sjøl vore med på ei bilulykke som nesten tok livet av han. HELDIGVIS for meg, så gjekk det bra.... etter ulykka så vart han liggande i koma ei stund, og når han våkna, så var han lam i eine sida, hadde myst taleevna og var mest som ein slagpasient å rekne. Han og familien stod på, og han kom seg på føtene igjen, og han lærte seg å prate på nytt... det var ein hard og lang kamp, som dei heldigvis vann. Enno pregar denne ulykka han, men han let seg ikkje stoppe av den grunn.
Mine tragedier går eg ikkje inn på... då eg tidlegare har nevnt nokre av dei.....
Det som eg synest er litt trist med å bu her, er at det er veldig likt min eigen heimstad. Den er rett og slett for liten... alle kjenner alle, og vi tek ikkje til oss kven som helst. No kjenner eg veldig monge her, men kjenner likevel at når det verkeleg gjeld, så saknar eg mine barndomsvenner og andre som eg har flytta frå i løpet av mitt liv. Dei som eg veit er der for meg uansett. Eg har nok ikkje vore så flink til å by meg fram... er litt heimalen og trivest godt i mitt eige selskap. Men eg skulle ønske at bygdefolket var litt meir opne for noko nytt... være seg nye naboar, venner eller butikkar for den del... men "du-må'kje-kome-her" mentaliteten herjar i denne bygda og.. slik det gjorde/gjer der eg kjem frå.
MEN monge er kjekke, og eg trivest godt.. eg kan ikkje tenkje meg å flytte... anna enn til eit varmare land for ei periode... der veit eg at Finn er einig med meg.
OG vi har begge lyst til å reise og oppleve ting... det har vi som eit mål at vi skal også. Heldigvis har vi opne dører og hjarterom både her i landet og i fleire andre land om vi verkeleg vil. Men det var dette med TID.. og PENGAR... Spesielt dersom vi tek turen utanlands. Då må vi være ei stund om vi fyst tek turen.
På søndag er det farsdag... og då skal vi gjer litt stas på Finn.... verdens beste pappa, ektemann og min aller beste venn.
PS!

Når det vert MORS-dag har eg eit stort ønske...
har alltid hatt så lyst på ein MORS-ring
som dette, med navna til ungane på og fødsels-steinane deira i.....

mandag 3. november 2008

tankar om oktober...♥



Lekker utsikt vi har... ein kveldstime no i oktober va det spesielt vakkert, har monge slike motiv frå stue-døra.. det er herlig å ha ei slik fantastisk utsikt over fjell og fjord.

oktober ja.. det er ei tid for mange hendingar i mitt liv... den fyste ej kan minnast spesielt godt var at faren min døde denne månaden... det har begynt å bli ei stund sidan no, heile 21 år.. han vart ikkje gamle karen, desverre.

Den andre hendinga var då eg var au-pair i California (19 år sidan) og eg fekk oppleve eit av dei størst jordskjelva i California si nye historie, 7,1 på richters skala.. skal love dokke at det satte sine spor... både fysisk på landjorda og psykisk i sinnet til ein stakkars au-pair longt vekke heimafrå.

Den tredje hendinga var då eg vart mor for fyste gong.... det hende den 31. oktober 1995. Amanda vart fødd, og endelig kunne oktober være noko postitivt også... og med litt bakgrunn i det amerikanske (har budd der to år av mitt liv) så vart det naturlig at vi også gjorde litt ekstra stas på bursdagen som fall på halloween.

Den fjerde hendinga var no i år, då eg myste onkel Oddvar, så nok ein gong la skuggen seg over oktober....

MEN, at vi avsluttar oktober kvart år med ei bursdagsfeiering, utstrålar alle vonde minner, og gjev oss lyset og lukka tilbake i kvardagen. I år vart ein merkedag av dei heller sjeldne, då ho vart heile 13 år gammal, og tenåring!!!

her er eit bilde av mine to solstrålar


ein må berre smile, når dei har vorte så store og fortsatt er verdens beste venner, då føles det godt i eit mors-hjerte :)

Og som om ikkje det er nok, så klarer dei å øse litt over storesystra si også, som er med oss av og til , då ho har to heimar å pendle mellom

♥♥♥ e'kje dei go'??? ♥♥♥

Så oktober, velkommen igjen....

trass tunge minner, så er du eit av lyspunkta i året!!