tirsdag 24. mars 2009

Ein overraskelse i posten…

For ei god stund sidan kom eg heim frå jobb ein dag.. trøtt og gåen, og satte meg rett ned i nærmaste stol for å kvile føtene litt… vi står og går heile dagane, så det er godt å få satt seg ned litt når ein kjem heim….

Då ropte min mann frå kjøkkenet at der var kome noke til meg i posten…. litt uintressert spurte eg kva DET var då?… det er som regel rekningar eller slike ting….. men han “ga ikkje land” eg måtte kome inn på kjøkkenet…

ja,ja, så var det opp på føtene igjen.. eg måtte sjå kva det var.. som var så spennande..

Der låg det ein pakke!!… eg opna, og fann denne pakken inni…

001

“kan eg få opne den??” spurte minstemann.. litt sjalu for at eg hadde fått pakke midt i veka, og eg hadde ikkje bursdag ein gong..

MEN dette var ein spesiell pakke, og her måtte ting gjerast i rett rekkefølge..bilde fyst!!

Dette herlege kortet var ikkje til å ta feil av.. det var logoen til Tofo.

008

Eg hadde vore så heldig å ha “vunne” ei gave, då eg var med på “pay it forward” på bloggen til Tofo…og her er det ho sendte.

005

Ein flott koppehanduk (som no har vore i sving ei stund) to pakkar med te, sjokolade-mandlar.. skal love at dei var gode!!  Magnetar i blomsterform,

006

og to flotte magnetlommer til å ha bilder i…. og så det flotte kortet då!

007

Turid… du skal ha tusen takk…eg har sagt det til deg før då.. sjøl om eg ikkje har annonsert det på bloggen!! Koste meg med denne pakken… og syntes det var sånn stas å få ei helsing frå deg!

Og no er reglane sånn at dei tre fyste som skriv i kommentaren at dei ønsker å være med på “pay it forward” får tilsendt ei lita gave frå meg innen 365 dagar. Så får vi sjå om noken hiv seg på denne karusellen… det er gøy då!

8 kommentarer:

Turid sa...

-Så koselig innlegg du hadde laget da! Hihi:)
Ja ingenting er som en gave i posten på en ellers lite spennende hverdag;) Fine bilder du hadde tatt! Kjekt å gjøre noen glad en bitteliten stund:)
Ha en flott dag videre!

Cecilie sa...

Flott gåve du har fått Monica.

Har ikkje hatt heilt bloggånda i det siste, men skal prøve å få til nokre innlegg framover no. Takk for alle kjekke kommentara.

Dagny- Heim sa...

Burde sikkert ha sjekka kva "Pay it forward" innebære, men shit...det får eg gjere etterpå. Blir med på det eg ;-)

Orlaug sa...

So heldig du er.....masse fint i pakka. Vel unt, foresten...

Unknown sa...

Her var det masse fint, ja:0)
Så lur ide å lage kort av logoen sin...
Koseleg med Pay It Forward, synst eg...Turid fekk gave av meg:0)
Ha ein fin dag, Monica!!
Klem

Unknown sa...

Heisann:0)
Har noko til deg inne hos meg...
Klem

Tonje sa...

Høres spennende ut, men jeg tror jeg må stå over denne gang... Mye flott du fikk i pakken forresten.

FO - 2 sa...

Veldig flott gave.
Du er heldig.
Hurra! ;)))