mandag 25. januar 2010

Kva gjer vi no??

over ein månad har gått sida vi fekk den triste nyheita om at min svigerfar hadde reist “heim”….

rblbar

Det er monge tankar og tunge stunder som pregar oss alle i desse dagane…og det er ikkje heilt fritt for at ein tenker tilbake på andre som også har forlatt oss her nede…

rblbar

Desember er  ei spesiell tid på året , og eg har alltid kosa meg stort med adventstida, sjøl om den alltid vert litt for travel… men i år vart den trist, veldig trist…

Sebastian  feira bursdagen sin 30. november, og vi samla besteforeldre  og andre i familien til selskap søndagen (29.nov.), det va så koselig! Mandag 30. var det vanlig arbeid- og skuledag, og det kom MASSE snø, veldig masse snø….. Min mann og ein nabo fekk lagt tak over nybygget vårt, og Finn (min mann) var så lykkelig over alt som var gjort, når han denne kvelden gjekk til sengs…. lite visste vi kva vi hadde i vente…..

klokka var berre litt over eitt om natta når vi fekk telefon frå svigermor, og bodskapet om svigerfar var ein realitet. Det vart dårlig med søvn den natta, eg låg og grudde meg til morgonen, når vi måtte fortelle ungane at vi ikkje skulle få sjå farfar igjen….

DEN morgonen var forferdelig, å måtte fortelle til lykkelig uvitande at den gode, snille farfaren var vekk, for alltid!!!!! :-(

Berre det å ringe på jobb og fortelle  kva som var skjedd var ufattelig tungt!

*sukk*

rblbar

Så mykje vart satt på hald, og mykje må bli utsatt endå lenger enn eg hadde tenkt… det er mykje som  ikkje har gått som vi hadde planlagt, men sånn er det, og sånn må det være, der er tross alt andre ting som er viktigare….

rblbar

Min svigerfar hadde større “ansvar” enn han noken gong visste om, han var ektemann, far, svigerfar, bror, svoger, farfar,morfar, onkel og venn…. det han kanskje ikkje tenkte på var at han var den einaste bestefaren til enkelte og dermed i dobbel forstand bestefar, kanskje til og med en farsfigur for dei som mangla ein . MEN han gjorde ein strålande jobb!

rblbar

Svigarfar, han var alltid positiv, alltid på farten, hjelpe der han kunne, snakke med allslags folk, lo og kosa seg over det meste.. hadde alltid noke “på lur” både til store og små…. ein liten sjokolade, skrapelodd  eller noko anna han hadde kjøpt når han var innanfor og handla….eller en pengeseddel til dei små….han hadde så stor givarglede… alle var så glade i han…derfor er saknet så stort!!

*snufs*

rblbar

Så plutselig og brått vart han reven vekk frå oss, og slikt går ikkje over med det fyste. Ein prøver så godt ein kan å fortelle seg sjøl at livet går vidare, her må ein berre stå på! MEN det er ikkje så lett…. Tankane går i surr, spinn rundt og rundt omkring det håplause tome intet, ein vert så handlingslamma og svak når slikt skjer….. så liten og audmjuk for overmakta.

kva gjer vi no??

Monica

5 kommentarer:

Nikoline sa...

Signe minnet.
Det er trist og vondt når ein av våre kjære går bort,men det er ein del av livet vårt å koma igjennom dette også. Me mista 3 i familien på under tre mnd.i haust og no håpar eg indarleg at det er slutt for ei stund.Ein får ta med seg dei gode minna,og så bleiknar sorga litt etter litt om me gje den tid.
Ha ein fin dag:0)
PS:har vanskelegheiter med å lesa innlegga dine her og får ikkje alt med for skrifta er breidare enn skjermen,men trur eg fekk med det meste (ialle fall det viktigaste..)

Turid sa...

Så nydelig du fortelle om din svigerfar!
Jeg blir rørt og sitter her med tårer i øynene og klump i halsen. Ord blir så fattige i en slik stund.
Jeg føler virkelig med dere alle sammen!
Stor klem fra Turid.

vero sa...

Det var kjempetrist nyhet da dere fortalte oss hva som skjedde.
Kondolerer..
Vi har dem i tankene og hjertet vårt! Det er sånn vi klarer å gå videre!
Jeg føler med dere alle sammen, ta godt vare på ungene!!

Klem fra Vero

Vero sa...

Du er blitt tagget av meg, se på min blogg

Vero

Tonje sa...

Å Monica... så trist! Man blir tom for ord... vet ikke hva jeg skal si. Ikke kjenner jeg deg og heller ikke din svigerfar, men du skriver så flott om ham at tårene renner her jeg sitter. Jeg føler med deg og din familie i denne tunge tiden. Vær der for hverandre og husk alle de gode minnene.