tirsdag 16. september 2008

FaVoRiTt FaRgE...kva er det??

Hmm..

har vore innom diverse bloggar dei siste dagane... i undring over at dette har vorte så populært!!? Sjøl har eg hatt blogg ei stund, då eg har to døve nieser i Bergen... og dette er ein måte å halde seg litt oppdatert på... så innlegg har vorte lagt inn og sletta og nye har komt til...

Så har eg siste tida møtt fleire som har vorte "hekta" på blogg-livet... hmm.. intressant.. dette må eg utforske. Og jammen er det ikkje ein god del vakre og gjennomtenkte bloggar i Ørsta åleiene :-) Retteleg imponert over enkelte :-)

Vart litt opptatt av dette med favoritt farge eg då..... og har sett mange vakre bilder frå heimane deira.. der favorittfargen er i fokus :-) OG så mange flotte heimar folk har....

MEN så slo tanke meg.. favorittfarge?? har eg det?? hmm.. både ja og nei.. med meg går det i trivselsfargar i fleirtal.... og det er haustfargane eg då fell for... pastellar er ikkje noko for meg..
dei fekk eg nok av på 80-talet, hehe..

jaja, så for å vise kva eg meinar har eg gjort som andre.. knipsa litt bilder... ein annan ting som er "viktig" for meg i heimen er ikkje berre trivselsfargar, men også at ting har verdi - ikkje i pengar - men må ha ein viss affeksjons verdi..... og gjerne ei historie.

Då vil eg starte med dette skrinet.. der det står
Clarks "anchor"
stranded cotton for embroidery.
dette er arvegods som mi mormor hadde ståande på butikken sin i "gamle dagar", og det inneheld då som sagt tråd som blei brukt til brodering...
det har fleire etasjar og inneheld tråd i alle mulege fargar, den dag i dag..
det som er morsomt i denne sammenheng er at eg nok har ordna det slik at mine favoritt fargar har fått plass øverst, då det er glas-lokk på skrinet....


OG her ligg dei altså.. som perler på ei snor....
MINE favoritt fargar.... haustfargane mine ...
eg har funne ut at det er desse som går igjen i min heim.. mykje ubevisst.. sikkert fordi eg naturleg fell for desse fargane i diverse nyansa...

men om du bed meg velge EIN.. då får eg stooore problem trur eg...
NEI eg er nok av den typen som må ha fargar rundt meg.. lyse heimar er imponerande fine og flotte.. men eg kunne nok ikkje klart meg der så lenge.. utan å male over det kvite... eg treng lune og varme fargar .. det har eg kome fram til....



Her er eit anna eksempel..
dette er oppunder taket og på toppen av bokhylla i stua vår, her står ein flaskehaldar for vin.. som er ei gåve frå ei venninde, eit par lysestakar, ein engel som spelar fele og ein gammal radio.
Radioen er ikkje i funksjon, men om eg verkeleg ville, skulle den nok ha fått liv igjen...
det hadde forresten vore stas... hehe
(noko å tenke på )



Her er skona som Amanda fekk bruke berre ein gong...
Hadde kjøpt dei i anledning vår bryllupsdag.. og jenta vår skulle være fin.. og når eg so skulle leite dei fram igjen til 17. mai samme år, var skona ikkje å finne.. sidan den gong har vi flytta hit igjen til Ørsta, og ein dag i fjor rydda eg i ei kasse som eg fann på loftet.. DER låg skona som då hadde vore vekke i 10 år!!! Altfor små :-( MEN like fine, og vart derfor pynt på ei lita avsidesliggande hylle i stua.


3 kommentarer:

Dagny- Heim sa...

Ja, sjå der ja! Var innom bloggen din same dag som eg snakka med deg, men la ikkje igjen kommentar, sorry! Men no skal eg lenke deg til bloggen min så eg har kontroll :-D

Kjekt at du blei inspirert da. Er nok mykje meir fargar i heimen min enn det ser ut til i "farg-innlegget", men eg likar å ha det "nøytralt" og så heller pøse på med fargar, alt etter stemning og behov :-)

Vero sa...

Hei!!
Ja vet at du har alltid likt masse farger rundt deg..
Jeg liker best hvit vegg imens ting er farger, i følge av årstid, feks i høsten har vi oransje ting, i jul tid- rød farge, advent-lilla farge, om sommeren er mitt favoritt, da kan jeg ta diverse farger, som lime grønn, rosa, lys lilla, beige, osv... Hvis du hadde spurt meg om hvilken en farge jeg skulle velge, da har jeg også problem med å velge. hehe.. du er ikke alene om det!!!

Klem

Vero sa...

Og forresten tror at det er lurt at du forandre på kommentar side, slik at alle kan kommentere det, noen har ikke blogg og de kan ikke kommentere det til deg.
opptil deg selv om du vil ha slik eller som jeg foreslo;)

klem igjen;)