mandag 15. juni 2009

Lesson in LOVE…“Te voglio bene assai”

Ok folkens….

No skal dokke høyre litt om sangen “Caruso”, som eg hadde i forrige innlegg…

dette viste seg å være ganske intressant…. sjøl er eg heilt fortapt i den når Pavaotti syng den på sitt beste…. Lite har eg ant kva den handlar om, og kva Caruso egentlig betyr…

No har eg funne ut at den omhandlar opera songaren Enrico Caruso

Enrico_Caruso

Født 27 februar i 1873 i Napoli Italia, døde 2.august 1921 også i Napoli…

Han reiste til Amerika, der han gjorde det stort på opera-scenene rundt ikring, og på opera-vis spelte ei rolle på scena, han spelte også inn ein del plater.

Han vart sjuk då han var i Amerika… fekk ein slags infeksjon i magen, som gjorde at han blødde i halsen, og sleit ei god stund med dette, han ville då reise heim til Italia, men måtte fyst gjennom ein stor operasjon… (slik eg har forstått det)

Endelig tilbake i Italia og Napoli, med sin fru på slep viste det seg at han slett ikkje var frisk, og måtte gjennom endå fleire operasjonar…

og her er det songen kjem inn folkens,

den handlar om Enrico som mimrar om Amerika, der han sit på terassa si i Napoli og ser utover havet, ser lanternene til båtar longt der ute, og desse lysa minner han om Amerika, hans fru er lei seg for ho veit at han er døyande, han veit også det sjølv, og fortel henne at han elskar ho veldig veldig mykje, og at HO gjer at blodet i årane hans fortsatt held seg varm… han klarnar halsen (som er sår) og syng til ho… ser ut mot havet igjen, og ser lysa der ute, syns det er så vakkert…. at alt det han har opplevd i Amerika vert småtterier i forhold til dette og det å ha henne hos seg. Sjøl døden er mindre skremmande no når han er heime. Han grin når han ser kona si i augene, dei er grøne som havet, og han føler at han kan drukne i dei, ho er så vakker… dagane og kveldane i opera teateret, var eit liv som berre var skodespel, dette er livet!!

Eg har funne ein versjon, som er teksta… får de ikkje gåsehud no… då veit ikkje eg!!!

Lytt og føøøøøl musikken!!!

Stor klem

Monica

1 kommentar:

Monicas sa...

hei min venn,,,,,vakkert....go mandag