HEI ALLE SAMMEN!!!
ja, eg får berre beklage, men eg har vore TOM for blogg-materiale, og er stum av beundring over dokke som klarer å halde fram dag etter dag etter dag, og er like entusiastiske med nye flotte blogg innlegg! :-) Dokke er flinke!!!! det må eg berre sei!
Tenkte at eg skulle fortelle at eg slett ikkje har gløymt at eg har hatt ei lita konkurranse her inne for EI GOD STUND tilbake… gava ligg klar den… men eg må berre kare meg til å få sendt den til den heldige (?) vinnaren.. hehe!! DET skal bli ganske snart!!!! Må vel få den avgårde før eg må til å sende julegaver i allefall! hehe.. uff.. eg er treig!! *sukk*
Ja,ja… men dårleg samvittigheit har eg i allefall hatt, og savna dokke alle har eg gjort, men det har desverre ikkje overgått blogg-tørka mi..
Har ellers hatt mykje å tenke på reint privat, og har ikkje hatt det heilt store overskuddet heller… men no når mørket senkar seg over dagen, så kjem nok lysta tilbake… då er det ikkje så mykje ein kan styre med ellers likevel.
Håpe at de alle finn tilbake til bloggen min etterkvart….. har ellers også fått ein ny “venn” på lista mi.. Amanda er ny her i bloggverda, og ho er døtra mi, som har starta ny blogg i dag ;-)
Då sjåast vi forhåpentligvis framover.. det er jammen ikkje lenge til jul!! Eg er heilt sjokkert over kor fort tida går!!!!
Stor klem
Monica