Det har vore ei helg fullstappa av aktivitet , etter jobb på fredag var det å suse seg heim, for så å få minstemann (og slettes ikkje så liten lengre) i badet… han skulle feire bursdag, og måtte gjer seg klar til det.. det var disco-bowling til den store gullmedalje… og karane hadde det kjempekjekt!!
Neste dag var laurdag, då måtte vi sjølsagt på bursdagsgave-handel.. då han egentlig har bursdag siste dagen i november… og så måtte vi handle inn godis til laurdagskvelden, då ungane skulle være heime “åleine”.. storesystra og kjærasten var der også.. så dei skulle nok klare seg godt. Dei skulle lage taco og sjå film… “MAMMA MIA!” sjølsagt.. det er no den siste store slageren…
Og vi foreldra skulle på julebord….
Det vart forresten kjempekjekt!!! Vi hadde en alle tiders kveld og natt… det vart ganske tidlig før vi kom oss heimatt… men,men… Vi åt og drakk, dansa og song i lystig lag, gammal som ung… det var heilt hivens!!!
OG etter ei forholdsvis kort natt, så var det å stå opp til dagens bursdagsbarn… ha litt kos ilag med han og syskena, for så å sette i gong med å leite fram litt advents stæsj! OG då gjekk det ifrå kvardagslege dette:
…til dette…… eg fekk opp julegardinene på kjøkkenet.. vaska over vindauga der og, og leitt fram etpar adventsstakar, før her kom besteforeldre-besøk til bursdagsbarnet, og eg måtte legge rydding og vasking på is ei stund. Så i dag vart det is og kjeks til middag, og middag til kvelds!!! Jaja, ein har bursdag berre ein gong i året!! ..eller… (?)
No må eg i full fart ordne adventskalenderen før eg kryp til køys igjen… helga har vore innhaldsrik, koseleg, men aaaaaltfor kort!!! Gled meg allereie til neste helg! hehe…
denne har eg forresten laga sjøl…synes den er fin!
Ha ei flott veke!!!