Eg har fått ei utfordring frå Nikoline…..
Slike eg forstår det skal eg skrive 7 ting om meg sjøl… og så skal eg vidare sende utfordringa til 7 andre som det hadde vore kjekt å få vite litt meir om..
JA, men då er det vel berre å sette i gong og tenkje…. hmmm.
#1 Eg er yngst av tre sysken, og vaks vel nesten opp som enebarn, då begge syskena mina var endel år eldre enn meg (med 6 og 8 års forsprang)
#2 Som 12 åring vart eg tante for fyste gong.. til Veronica, som var døv… og då var det berre å legge seg i hardtrening og lære seg teiknspråk. Veldig artig å kunne dette, sjøl om dei no bur i Bergen og eg ikkje får øvd så mykje, men eg møter av og til på døve i jobben min, og får øvd litt då.
#3 Eg har vore utvekslings student i Minnesota… Det vart eit år med monge opplevelsar… og eit av dei mest tragiske åra i mitt liv, då faren min døde 2 månedar etter eg var komen dit.. så eg måtte heim ein tur, før eg reiste tilbake og fullførte året som sidan gav meg monge uforgløymelege minner og ei ny familie som eg set stoor pris på.
#4 Eg har vore Au-pair i California… passa tre skjønne ungar som eg no har møtt igjen som vaksne gjennom facebook :-) teknologiens verden er kjekk den til tider… Då eg var i California var det same året som det store jordskjelvet der borte fann stad.. OG eg kan skilte med at “ I survived the 7,1 earthquake in San Francisco” …
#5 Eg har budd i Bergen i mange år, og har mange kjekke minner derifrå.. jobba som dagmamma, og gjekk på skule om kvelden, OG eg var badevakt på Hunstad skule for døve.
#6 Eg var allergisk mot alt som hadde pels då eg var lita, og så eg då, som elskar dyr!!! Og eg fekk aldri ete peanøtter og mandarinar osv.. det som er det beste eg veit… tragisk!! Heldigvis vaks eg det av meg, og har no huset fullt med både mandarinar og dyr ;-)
Det visste dei ikkje då dei tok dette bildet vil eg tru…
#7 Eg elskar å reise, og har som sagt budd i USA i to år.. har vore innom desse statane : Minnesota, New York, Iowa, Wisconsin, Illinois, North og South Dakota, Montana, Wyoming, Nevada, Oregon og California…. og eg har vore i England, Italia og Spania, Sverige og Finland og håper å få reise en god del meir før eg gir meg!! :-)
OG då var det det å sende denne utfordringa vidare….
Cecilie i frå Kvardagsliv
Besta i frå BESTAHJEMMET
Tofo i frå Tofo sin familieblogg.
Ronille i frå Ronille sin blogg om Troll og hobbyane mine.
Tonje i frå A step in the right direction
Veronica i frå Vero`s lillehjørne
Anne Grethe i frå The world of Sandnes
Håper de tek utfordringa på strak arm!!! :-)
Lykke til alle sammen ! :-) Det er no litt kjekt!!!